Bemanningssenteret Helse Fonna søkjer 4 sjukepleiarar, 1 spesialsykepleiar i 100 % faste stillingar
Ønsker du varierte oppgåver og spennende utfordringar?
Vi søkjer 5 sjukepleiarar med relevant erfaring til Bemanningssenteret i Helse Fonna:
1 generell sjukepleiar til Stord sjukehus
3 generelle sjukepleiarar til Haugesund sjukehus
1 intensivsjukepleiar til Haugesund sjukehus
Bemanningssenteret er Helse Fonna sitt interne vikarbyrå og har eksistert sidan våren 2011. Bemanningssenteret skal løyse sjukepleiaroppdrag frå ulike postar innan kirurgi, medisin og psykiatri i Helse Fonna HF. Vi har behov for sjukepleiarar som ønskjer høg grad av fagleg utvikling og likar varierte utfordringar.
Vi skal tilsette tilpassingsdyktige sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar som ønskjer å jobbe i 100 % fast stilling eller i deltidsstilling. Hos oss får du ein unik moglegheit til å bli kjent med mange postar. Du vil få god opplæring på kvar enkelt post du skal jobbe på.
Du som søkjer arbeid hos oss får vere med på å utarbeide din eigen arbeidsplan.Har du ein deltidsstilling på ein annan post på sjukehuset kan du i tillegg få ein deltidsstilling i Bemanningssenteret slik at du oppnår 100 % stilling. Vi har fagdagar, og det er moglegheit for å delta på opplæringskurs som postane arrangerer.
Oppgi ønska stillingsstorleik og HPR-nr. i søknad.
Arbeidsoppgåver
- Dekkje opp bemanningsbehov i ulike einingar for kortare eller lengre periodar.
- Oppgåver i tråd med eigen kompetanse og behovet i postane.
- Vere ein del av arbeidsfellesskapet i einingane.
Kvalifikasjonar- Må kunne norsk skriftleg og munnleg.
- Offentleg godkjend sjukepleiar med minimum 2 års relevant erfaring
- For spesialsjukepleiaren krevst det spesialutdanning innan intensivsjukepleie
UtdanningsretningUtdanningsnivå- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar- Du har god arbeidsmoral, gode samarbeidsevner, godt humør, ståpåvilje og er fleksibel.
Vi tilbyr- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Det vil bli utarbeidd individuelle kompetanseplanar i tråd med behov i organisasjonen.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Kompensasjonstillegg for fleksibilitet
- Triveleg og utviklande arbeidsmiljø.
Arbeidssted:5528 Haugesund
Kontaktinfo:Inger Lise Wiestad, Rådgivar, 52732043
Liv Marit Vedøy, Seksjonsleiar, 52732065
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Fonna
Ref. nr.: 2898332328
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 5
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Adresse: 5528 HAUGESUND