S
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Sandviken sjukehus
Registrer deg i CV-database
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir påwww.helse-bergen.noellerfacebook.
Psykologspesialist/psykolog (ref.nr. 2960341646)
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen

Psykiatrisk klinikk, Avd. spesialisert psykosebehandling

Psykiatrisk klinikk er ein av sju klinikkar i Divisjon Psykisk Helsevern. Klinikken er lokalisert på Sandviken sjukehus og delt inn i tre avdelingar, Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for stemningslidingar og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP)

ASP inneheld sju seksjonar som driv spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med ulike psykoselidingar. Pasientane blir normalt overførte frå Psykiatrisk akuttmottak. Etter endt opphald ved seksjonen blir dei anten utskrivne eller overførte til eit distriktspsykiatrisk senter.

Avdelinga samarbeider med Bergen Psykose Prosjekt II, og forsking er ein viktig del av verksemda vår. Avdelinga har høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er godkjend for tvunget psykisk helsevern og godkjend sengepost praksis for spesialitet i klinisk vaksenpsykologi.

Avdeling spesialisert psykosebehandling har for tida ledig vikariat 100% stilling som psykologspesialist/psykolog. Stillinga er delt med 50% i seksjon S5 og 50% i team for utgreiing av personer med psykoseliding i kombinasjon med utviklingshemming eller utviklingsforstyrrelser. (UUP-teamet tilknyttet poliklinikk ASP).

Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett vil få ansvar for utgreiing og behandling av enkeltpasientar

Kvalifikasjonar
  • Psykologspesialist, psykologar i spesialisering kan og søke
  • Erfaring med behandling av personar med alvorleg psykoseliding
  • Interesse for arbeid med utgreiing inkludert nevropsykologiske undersøkingar
  • Lege, sjukepleiar, psykolog, anna helsepersonell med pasientkontakt (inkl dokumentasjonsplikt) og merkantile med pasientkontakt må beherske norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)

Utdanningsretning
  • Psykologi
  • Utdanningstittel: Psykolog

Utdanningsnivå
  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
  • Fleksibilitet

Vi tilbyr
  • Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår
  • Det blir anledning til forsking og fagleg fordjuping
  • Avdelinga har gode medarbeidarar med betydeleg kompetanse innan fagfeltet


Arbeidssted:
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Kontaktinfo:
Rune Andreas Kroken, Avd. sjef, 55 95 84 85/86
Tove Juulseth, Konsulent, 55 95 84 73
Cecilie Rebecca Christophersen, Psykologspesialist, 55 95 84 95/86

Nøkkelinformasjon:
Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2960341646
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2016
Sluttdato: 31.03.2017
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]Søknadsfrist: Snarast



Adresse: 5036 BERGEN


Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/663300
Søknadsfrist : 20.03.2016

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Fast ansettelse, Heltid Bergen