Ledig stilling som innsatspersonell ved Kystverket beredskapsdepot 04, Ågotnes
Stillinga er administrativt underlagt Sotra Brannvern IKS, og fagleg underlagt Kystverket beredskapssenter.
Generelle krav:
- Alminneleg god helse (må ved tilsetjing kunne leggje fram helseattest av nyare dato.)
- Være i stand til å utføre tidvis tungt fysisk arbeid, praktisk arbeidsleiing og instruksjon
- Søkjar må oppfylla krav til maksimum to timars reisetid frå heimeadresse til depotet.
- Søkjar må framlegga skriftleg erklæring frå eigen arbeidsgjevar om aksept for fråvær i intill 10 dagar årleg til øvingar og intill 10 dagar årleg ved statleg leia oljevernaksjonar etter akutt forureiningshending.
Bakgrunn som vil vere eit pluss:
- Oljevernkurs (i regi av Norges Brannskole eller andre aktørar)
- Maritim bakgrunn
- Maskinteknisk bakgrunn.
Det føreligg eigen særavtale, ASA4110, om deltaking i statens depotstyrker, der løn/årsgodtgjersle og retter og plikter er regulert.
Den som vert tilsett pliktar å ta del i opplæring og øving som er naudsynt for stillinga. P.t er det to terminfesta oljevernøvingar kvart år.
For nærare spørsmål om stillinga ta kontakt med:
Leiar beredskapsavdeling Nils Anders Mæland på tlf. 901 90 709
Søknad vedlagt CV sendast Sotra Brannvern IKS, Tranesvegen 5, 5347 ÅGOTNES eller
post@sotrabrannvern.noSøknadsfrist er 14.8.2016
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta for intervju.
Epost: post@sotrabrannvern.no
Adresse: Tranesvegen 5 5347 KYSTBASEN ÅGOTNES
Web: http://www.sotrabrannvern.no