Ved Bedriftshelsetenesta (BHT), Helse Møre og Romsdal HF er det ledig ei fast stilling som BEDRIFTSJORDMOR i 40%.
Arbeidsstad er Ålesund med reise i den sørlege del av foretaket.
BHT er ein felles seksjon i foretaket med kontor i Kristiansund, Molde og Ålesund og betjener tilsette i heile foretaket. Det er tilsett sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, jordmor, yrkeshygieniker, psykolog og lege. Det er eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og med moglegheit for fagleg utvikling. BHT har ei fri og uavhengig rolle i organisasjonen og skal bidra med å sikre eit forsvarleg og helsefremjande arbeidsmiljø i foretaket.
Kvalifikasjonar
- Erfaring/interesse innanfor førebyggjande og helsefremjande arbeid
- Erfaring frå oppfølging av gravide relatert til arbeidssituasjon
- Gode samarbeidsevne
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Utdanningsretning- Jordmor
- Utdanningstittel: Jordmor
Utdanningsnivå- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Vi tilbyr- Løn etter avtale/kvalifikasjonar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Arbeidssted:Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Kontaktinfo:Birgitte Kirkegaard, Seksjonsleiar, (+47) 70 10 64 65
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.: 2016/5627
Stillingsbrøk: 40%
Fast
Startdato: 01.01.2017
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 27.11.2016
Adresse: 6026 ÅLESUND