M
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Museumssenteret i Hordaland
Registrer deg i CV-database
Stiftinga Museumssenteret i Hordaland (MuHo) er eit konsolidert museum med seks avdelingar i Salhus, på Lygra, Osterøy og Radøy; Bevaringstenestene, Havråtunet, Lyngheisenteret, Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter, Osterøy museum/Kulturverntenesta i Nordhordland og Vestnorsk Utvandringssenter. MuHo er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie, samferdsle, migrasjon og kulturmøteproblematikk i fortid og notid. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.
Tekstilkonservator
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen

Museumssenteret i Hordaland søkjer etter samarbeids- og resultatorienterte medarbeidarar til fylgjande stillingar:

Tekstilkonservator 100 % stilling, fast

Gjenstandskonservator 100% stilling, prosjekt 1 år

Stillingane er plassert ved Bevaringstenestene, som er felles konserveringsteneste for musea i Hordaland. Bevaringstenestene har også ansvar for den daglege drifta av eit fellesmagasin. Bevaringstenestene ligg i Salhus, i Bergen kommune.

Stillingane inngår i eit team som er sett saman av ni faste stillingar knytt til konservering av tekstilar og kulturhistoriske gjenstandar, samlingsforvaltning, bevaring og drift.

Bevaringstenestene tilbyr i all hovudsak tenester innan samlingsforvaltning og konservering til alle dei konsoliderte musea i Hordaland fylke. Bevaringstenestene tilbyr også oppdragsbaserte konserveringstenester både for musea og eksterne kundar, og denne verksemda er veksande.

Tekstilkonservator -100% fast stilling

Stillinga er knytt til den daglege drifta ved avdelinga og vil inngå i teamet der, både arbeid med bevaring av samlingane til musea i Hordaland og oppdragsbasert konservering for eksterne kundar.

Vi søker etter konservator med godkjent utdanning (master) innan tekstilkonservering, samt relevant god praksis.

Gjenstandskonservator - 100% stilling, prosjekt 1 år

Stillinga er primært knytt til konservering av møblar og speglar for kundar i eitt år, og kan forlengast.

Vi søker etter konservator med godkjent utdanning (master) innan gjenstandskonservering, samt relevant god praksis.

Kvalifikasjonar, gjeld begge stillingane:

Vi ønskjer medarbeidarar som:
- Er utåtvente, samarbeidsorienterte og har evne til å arbeida sjølvstendig
- Har godt humør og evne til fleksibilitet
- Meistrar eitt nordisk språk eller engelsk munnleg og skriftleg

Løn etter avtale.
MuHo har gode offentlege pensjonsordningar gjennom KLP.

Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til avdelingsleiar Torunn Kojan Bøe,
Tlf.: + 47-55 25 10 87, mobil: + 47-90920987

Nærare opplysningar om Museumssenteret i Hordaland og Bevaringstenestene finn du på http://www.muho.no

Det skal nyttast fastsett søknadsskjema m/CV. Du finn søknadsskjemaet på www.muho.no eller ved å venda deg til Museumssenteret i Hordaland, tlf. + 47 976601366.

Det må opplysast i søknaden om kva stilling du søkjer på og kor tid du kan ta til i stillinga.

Søknadsfrist: 8. januar 2017





Adresse: 5107 SALHUS

Web: http://www.muho.no

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/771359
Søknadsfrist : 08.01.2017

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Fast ansettelse, Heltid Bergen