<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Fylkesmannen i Møre og Romsdal Rådgivar - jurist

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Jobbnorge ID: 135918

Vi har ledig fast stilling for jurist frå 1.8.2017

Stillinga er for tida i Helse- og sosialavdelinga vår som har 25 tilsette og eit mangfald av oppgåver innan helse- og sosialområdet. Avdelinga har eit breitt samansett og godt fagmiljø og har oppgåver knytt til gjennomføring av nasjonal politikk på helse-, omsorg og sosialområdet. Dette omfattar klagebehandling, tilsyn og ei rekkje utviklingsoppgåver og gir høve til fagleg fordjuping, til dømes i forvaltningsrett, helserett og sosialrett.

Hovudarbeidsområde

Stillinga sitt arbeidsområde er primært behandling av klagesaker, tilsyn med den kommunale helse-, omsorg- og sosialtenesta, spesialisthelsetenesta, samt informasjon, rettleiing og undervisning. Oppgåvene vil krevje nært samarbeid med andre faggrupper i avdelinga. Det må påreknast noko reiseverksemd i samband med tilsyn og eventuell kursaktivitet.

Til å utføre desse oppgåvene søker vi etter person med:

  • Master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • Praksis frå kommunal eller statleg forvaltning
  • God framstillingsevne skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Erfaring med tilsyn, klagebehandling og undervisning vil bli vektlagt
  • Kjennskap til helse- og sosiallovgjevinga er ein fordel

Vi kan tilby

  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.
  • løn som rådgivar i stillingskode 1434 med aktuell lønsplassering i staten sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar og erfaring.
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikringsordningar og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Dei første 6 månadane er prøvetid. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lover, instruksar og reglement.

Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.Utviklinga av vår organisasjon er ein kontinuerlig prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Nærare opplysningar

Direktør Grete Teigland, tlf. 71258520, mob. 99 50 76 32 e-post:grete.teigland@fylkesmannen.no


Ass. direktør Marit Hovde Syltebø, tlf. 71258540, mob. 91 80 22 25 e-post:marit.hovde.syltebo@fylkesmannen.no


Søknadsfrist: 9.april 2017.

Du må søke elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til JobbNorge. Link til denne ligg på vår heimeside og på NAV sine sider. Vi ber om at attestar og vitnemål følgjer søknaden i PDF-format. Stillinga har still.nr. 1705.


Meir informasjon om Fylkesmannen i Møre og Romsdal finn du påwww.fylkesmannen.no/mr.


Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf offentleglova § 25, 2. punktum.


Fylkesmannen er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er IA-bedrift og vil legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.



Se annonsen og søk på stillingenwww.jobbnorge.no



Adresse: Julsundveien 9 6414 MOLDE

Web: http://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/

Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket og utøver mange og allsidige forvaltningsoppgåver for staten.

Les mer om Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vi opplever stor pågang etter våre rådgivingstjenester – og skal styrke vårt lag med en: Seniorrådgiver/Fagspesialist kvalitetssikring legemiddelindustrien Vi er landets
21.05.2024 Flere steder
Har du bakgrunn med teknisk fagskole eller er utdannet ingeniør med et par års arbeidserfaring? Vi er på utkikk etter deg
28.04.2024 Skien
Vi er på utkikk etter ny driftsleder til vår nye kontrakt 1501 Søre Sunnmøre. Kan det være deg? Driftskontrakt 1501
21.04.2024 Flere steder
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene på Sunnmøre?  Til
21.04.2024 Flere steder
Er du opptatt av vei og veivedlikehold? Vi søker deg som vil være med på å holde god standard på
01.05.2024 Lindesnes
Er du opptatt av vei og veivedlikehold, og vil være med å holde god standard på veiene på Sunnmøre?  Til
21.04.2024 Flere steder
Vil du jobbe med å skape energieffektive og bærekraftige bygg? Vi i GK drives av å utvikle, bygge, og drifte
12.05.2024 Tromsø
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring? Vi i GK drives av å utvikle, bygge, og
05.05.2024 Haugesund
Vis alle 36.153 ledige stillinger