Spesialistlege fysikalsk medisin og rehabilitering - Lærings- og meistringssenter
Seksjon for fysikalsk medisin, læring og meistring skal frå 01.05.2017 starte tverrprofesjonelt tilbod til pasientar med langvarige ikkje maligne smerter. Vi ser pasienten som den viktigaste aktør og ressurs i eiga helse. Med det som utgangspunkt vil fokuset vere på behandling og støtte for å redusere symptom og plager, og brei auke i funksjon og livskvalitet.
Vi søker spesialistlege i fysikalsk medisin og rehabilitering i 100% stilling til tverrprofesjonelt poliklinisk team der også psykolog, fysioterapeut, sosionom og sjukepleiar inngår. Tilbodet vert etablert ved Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. Delar av tilbodet vil kunne vere ambulant, og noko av aktiviteten vil verte knytt til Førde Sentralsjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Til stillinga vil ligge vurdering av tilvisingar, inntak, utgreiing og behandling av tilviste pasientar.
- Tilstøtande til dette også naturleg samarbeid med førstelinje og spesialeiningar, brukarorganisasjonar, pasientar og pårørande, samarbeid innan helseføretaket, undervisning og rettleiing
- Ambulant verksemd og noko reiseaktiviet må kunne påreknast
- Den som vert tilsett må pårekne å bruke delar av si arbeidstid knytt til sengepost og poliklinikk ved Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering
Kvalifikasjonar- Vi søker spesialistlege med interesse for smertefeltet.
- Relevant erfaring relatert til tverrproffesjonelt arbeid og erfaring med smerteproblematikk er ynskjeleg.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Utdanningsretning- Medisin
- Utdanningstittel: Spesialistlege fysikalsk medisin og rehabilitering
UtdanningsnivåPersonlege eigenskapar- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon og helseføretaket for øvrig.
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og omsynsfull. På jobb er du positiv, strukturert, løysingsorientert og raus
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr- Spesialistlegen får ei sentral rolle i utvikling og oppbygging av det tverrproffesjonelle tilbodet saman med psykolog, fysioterapeut, sosionom og sjukepleiar.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Ein viktig og interessant jobb i helsevesenet.
Andre opplysningar- Reiseaktivitet: Om lag 25 reisedagar
Arbeidssted:Sunnfjord Medisinskje Senter, 6900 Florø
Kontaktinfo:Are Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 57839207
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Førde
Ref. nr.: 3377010560
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2017
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Adresse: 6900 FLORØ
Web: http://www.helse-forde.no