Vil du vera med oss og byggje framtidas skule i Vaksdal?
Elevane våre, dei tilsette og føresette fortener ein dyktige og engasjert rektor.
Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til stillinga som rektor ved Stanghelle skule. Stillinga er fast frå 1.
august 2017. Stanghelle skule har frå hausten ca. 90 elevar. Det er ein fådelt 1 - 7 skule med eigen SFO. Det er noko undervisning knytt til stillinga.
I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum.
Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsninger gjennom PALS, Vurdering for læring og heim-skule samarbeid.
Det er eit tett og godt samarbeid mellom skulane i kommunen og vi søkjer etter ein rektor som vil utvikle Stanghelle skule som ein lærande og inkluderande organisasjon med fokus på samarbeid internt, med andre rektorar og med fagtenesta. Det er jamlege møter mellom kommunalsjef og skuleleiarane. Som rektor er du ein sentral aktør i utviklingsabeidet.
Arbeidsstad
Stanghelle skule.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk og administrativ leiing av skule og tilsette. Utviklingsarbeid og forvaltningsleiing:
-Pedagogisk utviklingsarbeid
-Personaloppfølging
-Oppfølging rutinar, lovverk og kommunal satsing
-Økonomistyring
Kvalifikasjonar
Pedagogisk kompetanse på høgskule-/universitetsnivå og gjerne rektorutdanning
Vi søkjer etter ein rektor som er dyktig personalleiar og har
- evne til å inspirera andre og bidra til arbeidsglede
- evne til samarbeid og å skape gode relasjonar
- kompetanse på endringsleiing og kulturbygging
Du driv pedagogisk leiing med
- engasjement for å sikra godt læringsmiljø og kultur for læring
- heilskapstenking rundt oppvekstmiljøet
Du driv forvaltningsleiing gjennom å
- følgje opp rutinar, lovverk og kommunal satsing
- ha ei strukturert arbeidsform og god økonomistyring
Leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Nynorsk er målforma i kommunen
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stilling
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord, sendt ut tidlegare.
Treng du hjelp, kan du venda deg til kundetorget tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 56 59 44 02/56 59 44 33.
Kontaktperson
Ann Kristin Bolstad, Kommunalsjef Oppvekst, tlf: 56594490, mobil: 97759760, ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no
Magnar Helland, Einingsleiar, tlf: 56 59 40 62, mobil: 488 80 331, Magnar.Helland@vaksdal.kommune.no
Adresse: 5724 STANGHELLE
Web: http://www.vaksdal.kommune.no