<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Geolog/ingeniørgeolog (ref.nr. 24/2017)

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Toårig engasjement som geolog/ingeniørgeolog ved Seksjon for fjellskred i Stranda

Kunnskapsoppbygging om drenering av det ustabile fjellpartiet Åknes

NVE har det nasjonale ansvaret for kartlegging og overvaking av ustabile fjell som kan utvikle fjellskred. Per i dag er sju fjell i Noreg underlagt kontinuerleg overvaking med sann tids data. NVE har nyleg fått eit oppdrag frå regjeringa om å greie ut drenering av fjellpartiet Åknes i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Føremålet er å redusere faren for at fjellpartiet skal utvikle øydeleggjande fjellskred og flodbølgjer. Det skal utførast omfattande geologisk feltundersøkingar i dette fjellpartiet (boringar, geofysikk mv.). Prosjektet vil medføre breitt samarbeid med norske og internasjonale fagmiljø. Personen vi søker vil få ein sentral rolle i dette arbeidet, men vil også kunne få andre oppgåver ved seksjonen. Stillinga gjeld for to år med ei mogleg forlenging på eitt år.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, følgje opp og rapportere geologiske og hydrologiske feltundersøkingar i Åknes: instrumentering og logging av kjerneboring, assistere geofysiske undersøkingar, etc.
  • Andre aktuelle geologiske oppgåver ved seksjonen: Delta i den geologiske vaktordninga for overvaking av dei ustabile fjellpartia; geologiske undersøkingar av ustabile fjellparti.
  • Assistere den tekniske staben med oppgåver knytt til den tekniske delen av overvakinga.
  • Du må rekna med ca. 90 dagar i felt, med varigheit frå ein til fem dagar

Kvalifikasjonar
  • Master/sivilingeniør innanfor geologi, ingeniørgeologi eller hydrologi
  • Kunnskap om og erfaring med skredproblematikk og særleg fjellskred er ein fordel
  • Kunnskap/erfaring med fjellboring og tilhøyrande logging er ein fordel
  • Kompetanse/erfaring med GIS
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
  • Førarkort: minimum B; ønskjeleg BE/C1/1E
  • Fysisk god form og evne til feltarbeid i bratt terreng

Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide godt i lag
  • Evne til problemløysing i felt, både planlagt og ad hoc
  • Det vert lagt betydelig vekt på om du er personleg eigna

Vi tilbyr
  • Deltaking i ei samfunnsviktig oppgåve med å sikre lokalsamfunn mot ein alvorleg naturfare
  • Sjølvstendige oppgåver i eit kompetent fagmiljø innanfor geologi og overvakingsteknologi
  • Fleksibel og familievenleg personalpolitikk og arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stillinga vert lønna som avdelings-/over-/senioringeniør (1085/1087/1181) i medhald av statens lønnsregulativ f.t. kr 446 500 – 679 800 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønsplassering. Frå lønna vert trekt pensjonsinnskot etter gjeldane reglar.
  • Stillinga er lokalisert ved NVE sitt overvakingssenter i Stranda kommune i Møre og Romsdal, ca. 50 km sør for Ålesund Legg ved vitnemål og attestar elektronisk. I NVE har vi eit tverrfagleg miljø med medarbeidarar frå over 20 nasjonar. Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. NVE er ei IA-bedrift og vil legge tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Om du ynskjer å reservere deg frå ei offentleg søkjarliste må du grunngi dette. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å verte unnateke søkjarlista. Om ynskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje vil søkjaren verte varsla før ev offentleg søkjarliste vert utforma.


Arbeidssted:
Ødegårdsvegen 176, 6200 Stranda

Kontaktinfo:
Lars Harald Blikra, Seksjonssjef, 46 41 11 48
Odd Martin Rørstad, Kontaktperson i Stranda, 91 35 65 10
Vibeke Ingebrigtsen, HR-kontakt, 22 95 92 94

Nøkkelinformasjon:
Annonsør: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Ref. nr.: 24/2017
Heltid, Engasjement
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]



Adresse: 6200 STRANDA


Om arbeidsgiveren
NVE står overfor ei rekke spennande utfordringar i åra som kjem. Klimaendringane, fornybar energi, sikker straum­forsyning, flaum, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempel på dette.

NVE har ansvar for å forvalte landets vass- og energiressursar. Vi skal sørge for sikker straumforsyning og betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredfare. NVE er nasjonal fagin­stitusjon for hydrologi. Forskning og internasjonalt utviklings­samarbeid er også viktige arbeidsområder. NVE har hovudkontor i Oslo og fem regionkontor rundt i landet. I tillegg har vi fjellskredovervaking på Stranda og i Kåfjord. Til saman er vi 600 tilsette med tverrfagleg kompetanse. NVE er eit direktorat underlagt Olje- og energidepartementet.
Les mer om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 29.964 ledige stillinger