<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme 2. gangs utlysing. Sokneprest i Vik sokn - Sogn prosti

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse


Ledig stilling i Sogn prosti, sokneprest i Vik

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har 2700 innbyggjarar. Vik er ei aktiv landbruksbygd med eit sterkt næringsliv. Idrettslaga i Vik driv godt, særleg innan skiskyting, fotball og friidrett. Det er moderne anlegg for skiskyting og rulleski, Om sommaren er det oppkøyrte løyper for langrenn på Vikafjellet. Vik er ein kommune med store fjellområde og fleire turistforeiningshytter.

I kommunen er det sju kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Det er fem kyrkjesokn i kommunen. Det er gudsteneste i hovudsoknet annankvar sundag. I dei andre sokna er det gudsteneste ein gong i månaden.

I Vik sentrum er det ei Kyrkjestove med bra aktivitet. Her er småbarnstreff, kvardagsskule og barnekor i kyrkjelydsregi, og to av sokna har ungdomsklubbar. Minikonfirmasjon for 10-åringar har stor oppslutnad. Det er mellom 25 og 35 vanlege konfirmantar i året. Det har i det heile vore satsa mykje på trusopplæring og diakonalt arbeid. Å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare med større grad av frivillig innsats er eit viktig satsingsområde i sokna.

Det er fulle stillingar som sokneprest, kyrkjeverje og kyrkjelydssekretær, og kyrkjelydspedagog, kyrkjemusikarar og kyrkjetenarar i ulike stillingsstorleikar. Det er òg ei kombinert stilling som fengselsprest og prostiprest. Vi vil drøfte og setje opp plan for fordelinga av arbeidsoppgåver mellom dei to prestane i Vik ved tilsetjing og ved oppstart i stillinga.

Presten er ein del av kyrkjestaben i Vik, og deltek i samarbeidet og stabsmøta her. Vidare høyrer presten til prestefellesskapen i Sogn prosti og har prosten i Sogn som næraste overordna.

OVF stiller den romslege prestebustaden til disposisjon for presten. Bustaden ligg sentralt i bygda, med gangavstand til kyrkje, skule, idrettsanlegg og butikkar.

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytte begge målformene.
Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleggjorde sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing.

Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein ordinert prest som både kan arbeide sjølvstendig, og samtidig har vilje og evne til tverrfagleg samarbeid.
  • Vi er på jakt etter ein person som ønsker å utvikle kyrkjelydane gjennom god forkynning, undervising og organisering, og som kan vere med og motivere friviljuge medarbeidarar.
  • Kompetanse og erfaring innan rettleiing (ABV eller åndeleg vegleiing) er ønskeleg. Dersom søkjaren har slik kompetanse, kan han/ho få rettleiingsoppdrag for andre tilsette og for studentar i praksis.

Utdanningsretning

  • Livssynfag

Utdanningsnivå

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i stillingskode 1555, sokneprest.
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing.

Kontaktinformasjon

Cathrine Waaler Halstensen, avdelingsleiar, (+47) 996 25 480
Jermod Hausberg, fungerande prost i Sogn prosti, (+47) 4001675, jermhaus@gmail.com

Arbeidsstad


 Aurland

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
*Den norske kirke



Adresse: 5745 AURLAND


Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 34.386 ledige stillinger

Fakta om Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme