Hareid kommune har ledig fast 100% stilling som institusjonskokk i sektor for velferd. Stillinga er ledig frå januar 2018. Kjøkenet er ei eiga serviceeining og lagar måltid til einingane i sektoren, dei som bur i omsorgsbustadar og heime.
Vår nye medarbeidar må ha fagbrev som kokk. Stillinga krev ein medarbeidar som er fleksibel og stabil. Det er viktig med gode samarbeidsevner og det å kunne arbeide sjølvstendig og effektivt. Stillinga har turnus med arbeid kvar 3. helg.
Den som vert tilsett vil også ha instruktørrolle for lærlingar, og vere stedfortredar i leiar sitt fråvær. Det er viktig at du kommuniserer godt både verbalt og skriftleg. Det er ønskjeleg at du har kunnskap om matmerkingsprogrammet Aivo.
Det er krav om politiattest for alle som yter tenester i helse og omsorg. Denne må leggast fram før du byrjar å arbeide.
Du søkjerPolitietom attest.
Kontaktpersonar:
Kjøkensjef Ann Cecilie Garnes Utgård. Tlf.: 958 91 287.
Kommunalsjef Berit Aasen. Tlf.: 975 47 944.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Du må gje opp referansar og ta med relevant dokumentasjon på utdanning og praksis til intervjuet. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovar, avtalar og reglement for kommunal sektor.
Søknadsfrist 18. januar 2018.Elektronisk søknadsskjema.
I samsvar med offentleglova § 25 kan søkjar be om å ikkje blir ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under søknad hake av for "Ønskjer ikkje namnet på søkjar offentleggjort", samt grunngje dette. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
Epost: postmottak@hareid.kommune.no
Adresse: Rådhusplassen 5 6060 HAREID
Web: http://www.hareid.kommune.no