Norges forskingsråd har ansvar for å auke kunnskapsgrunnlaget og fremje grunnleggjande og brukarstyrt forsking, og innovasjon. Forskingsrådet fordeler årleg vel 5,4 milliardar kroner til forskingsføremål. Forskingsrådet skal også arbeide for å fremje internasjonalt forskingssamarbeid.
Forsking skal vere ei kraft i utviklinga av det norske samfunnet. Samtidig er forskinga ein del av vår kultur. Ho er givande i seg sjølv, og ho er nødvendig for fag- og kunnskapsutviklinga.
Forskingsrådet er inndelt i fire divisjonar: Vitskap, Store satsingar, Innovasjon og Administrasjon.