(KarriereStart.no): 

Det er Institutt for Samfunnsforsking som har skrive rapporten på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

 

– Det er flott at kvinnelege leiarar i det offentlege nå har passert 50 prosent. Det er også bra at menn og kvinner er likestilt i leiarstillingar i organisasjonane. Problemet er næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland.

 

Rapporten viser at næringslivet ligg langt bak offentleg sektor, akademia og organisasjonane når det gjeld kvinner i toppleiarstillingar. Ein ser òg at næringslivet må satse meir på rekruttering.

 

Les også: Lønnsgapet mellom menn og kvinner minker

 

Nokre bedrifter arbeider aktivt med ulike tiltak for å fremje kjønnsbalanse, medan andre er mindre opptekne av desse spørsmåla.

 

– Bedriftene må rett og slett ha betre planer for dette. DNB er eit godt døme på ei bedrift som arbeider systematisk for å få fleire kvinnelege leiarar. Dei har mellom anna krav om at det alltid skal vere minst 50 prosent kvinner i leiarprogramma, seier Mæland.

 

Institutt for Samfunnsforsking legg i rapporten fram ti forslag til tiltak og omsyn, basert på funn i rapporten, som dei meiner det bør satsast på for å betre andelen kvinnelige leiarar.

 

Klikk her for å søke blant tusenvis av ledige stillinger