(KarriereStart.no):

Teknologiselskapet Siemens vet at det er mange dyktige kvinnelige ingeniører der ute. Derfor har de tatt grep og opprettet et eksklusivt rekrutterings- og kompetanseprogram som er rettet mot jenter som studerer ingeniørfag på andre året. Gjennom programmet vil deltakerne få maksimalt ut av studiet sitt, samt relevant praksis og veiledning for karrierevalg. Ved avsluttet program får de også mest sannsynlig fast jobb i Siemens, dersom de ønsker det.

 

Katrine Fagerli (26) har en bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST), og er nå i gang med ingeniørstudier i Fornybar Energi ved samme studiested.

 

Hun er en av åtte studenter som i år hadde sommerjobb i Siemens som en del av deres rekrutterings- og kompetanseprogram. Der jobbet hun i salgsavdelingen for skip i Siemens Industri. Vi tok en prat med henne for å høre om hennes erfaringer med programmet.

 

Klikk her for å se alle internships i Norge

 

Hvorfor søkte du Rekrutterings og Kompetanseprogrammet for jenter hos Siemens?

Katrine jobbet ved Siemens' salgsavdeling for skip, som
ligger i Trondheim.

Eg søkte på denne stillinga etter at eg fekk brosjyre om programmet på skulen. Eg har eit år igjen på ingeniørutdanninga mi og var ute etter ein studierelevant sommarjobb. Siemens verkar veldig spennande å jobbe i, det at det er eit stort internasjonalt selskap med sterkt fokus på effektiv bruk av energi appellerer veldig til meg. Programmet tilbyr i tillegg tett oppfølging gjennom det siste studieåret, og hjelp til bacheloroppgåve, så eg skjønte fort at dette måtte eg søkje på.

 

Kan du fortelle litt om hva det går ut på?

Rekrutterings og kompetanseprogrammet for jenter er blitt oppretta for at Siemens ønskjer fleire kvinnelege ingeniørar i sitt selskap. Programmet er tilpasset jenter som går høgare utdanning innan fagområda energi og automatiseringsteknikk.

 

Vi er fem jenter i Trondheim og tre jenter i Oslo som har hatt sommarjobb på ulike avdelingar til Siemens i lag med erfarne ingeniørar. Her har vi fått innblikk i korleis det er å jobbe som ingeniør. I løpet av det komande året skal vi ha fleire samlingar med ulike tema. Vi skal få hjelp til å setje opp vår kompetanse- og karriereplan, gjennomføre teoretiske og praktiske samarbeidsøvingar, og få prosjektoppgåve tilpassa vår kompetanseplan. Målet er fast tilsetjing i Siemens.

 

Hvordan ser en vanlig arbeidsdag ut?

Eg har jobba på salsavdelinga for skip som ligg i Trondheim, perfekt for å kombinere begge mine utdanningar. Eg har litt forskjellige arbeidsoppgåver. Ei av dei var å bruke eit program til rekne ut drivstoffreduksjon ved å bruke BlueDrive PlusC i staden for tradisjonelle dieselmotorar i skip. Eg har og oppgradert forskjellig type informasjon og samla det, slik at det er lettare for seljarane og nytte seg av den. Sidan vi fem jentene har vore plassert på ulike avdelingar, har vi og nytta sjansen til å sjå kva dei andre har gjort på, slik har vi fått innblikk i store delar av kva som skjer på Siemens i Trondheim.

 

LES OGSÅ: Slik får du mest mulig ut av internshipet 

 

OM REKRUTTERINGS- OG KOMPETANSEPROGRAMMET:
 
Programmet er tilpasset deg som er masterstudent ved NTNU eller ingeniørstudent ved andre universiteter og høyskoler innen fagområdene energi og automatiseringsteknikk.

Du kan søke ved oppstart av ditt andre studieår.

Programmet varer ut hele studietiden.

Mer informasjon om programmet og søknadsskjema finner du her
 

Kan du fortelle litt om utdanningsbakgrunnen din?

Eg starta på bachelor i økonomi og administrasjon ved HiST etter å ha gått folkehøgskule. I løpet av dei tre åra fann eg ut at eg sakna realfaga frå vidaregåande, og bestemte meg for å starte på ingeniørutdanning ved HiST. Eg var heldig, for akkurat den hausten starta skulen opp studiet Ingeniør i Fornybar Energi, noko som såg veldig spennande ut, og no skal eg til på tredje året her. Eg har ikkje angra på at eg har tek min andre bachelor, eg har lært mykje og slik fått fleire innfallsvinklar som eg trur er ein fordel å ha når eg kjem ut i arbeidslivet.

 

Det er ofte hard kamp om internshipene. Hva var det som gjorde at du fikk plassen?

Ei av årsakene er nok at eg har to utdanningar som kan la seg kombinere i ein jobb i Siemens. Eg brukte og ein del tid på CV og søknad, og etter to personlighetstestar kom eg vidare på intervju. Eg hadde sett meg litt inn det arbeidet Siemens gjer, og tenkt igjennom ein del eg trudde eg kom til å få spørsmål om. Elles trur eg det å vere positiv og ha godt humør er noko ein kjem langt med på intervju.

 

Klikk her for å se alle traineeprogrammer i Norge

 

Hvilket utbytte har du hatt av tiden hos Siemens?

OM SIEMENS: 
 
Siemens er en global aktør som utvikler høyteknologiske og innovative løsninger for industri, energi, byer og helse. 
Siemens utvikler teknologi som kan ta Norge fra oljealderen og inn i en mer bærekraftig fremtid, gjennom mer vindkraft og økt elektrifisering.
I Siemens utgjør miljøvennlige løsninger nå 40 prosent av den globale omsetningen.
På verdensbasis har Siemens over 360.000 ansatte i mer enn 190 land. I Norge har vi om lag 2500 ansatte fordelt på 12 lokasjoner. Hovedkontoret ligger i Oslo.
Klikk her for å lese mer om hvilke muligheter som finnes for studenter og nyutdannede hos Siemens
 

Eg har hatt ein interessant jobb ilag med veldig trivelege kollegar, det at du blir tatt godt imot av dei som jobbar der til vanleg gjer at ein fort blir trygg i miljøet. Det har vore veldig spennande å få innblikk i korleis dei jobbar, og få oppdage korleis den teorien vi lærer på skulen fungerar i praksis. Eg har lært mykje om skip og kor enorm den marknaden faktisk er. Med dagens teknologi er det mykje å hente i redusert drivstoff forbruk, og der er Siemens langt framme.

 

Hvor går veien videre etter dette?

Eg skal gjere meg ferdig med det siste året på ingeniørstudiet. Det komande året skal vi jentene som er med på rekrutteringsprogrammet ha fleire samlingar, vi skal og få karriereveileidning gjennom fleire personlighetstestar og samtaler med kompetansepersonar i Siemens. Til våren skal eg skrive bachelor, dette er og noko eg kan få hjelp til gjennom programmet. Vonleg jobbar eg i Siemens frå neste haust.

 

Hva er drømmejobben din for fremtiden?

Min draumejobb er ein jobb der eg kan få nytta begge utdanningane mine. Men akkurat spesifikt veit eg enda ikkje, er vel slik at vegen blir til medan ein går. Eg ønskjer meg ein trygg arbeidsplass med trivelege kollegar og utfordrande arbeidsoppgåver. Eg kan verkeleg tenkje meg å jobbe i ei stor bedrift som Siemens.

 

Klikk her for å søke blant tusenvis av ledige stillinger