Eg er utdanna journalist og har jobba i avis og radio. Frå 2004 til 2021 har eg undervist i mediefag på vgs. No frilanser eg på fulltid og tar oppdrag for ulike medier og organisasjonar etc.
Eg leverer tekst og bilete til nett og papir og lydinnslag til podkast og radio. Eg kan også jobbe med nettpublisering. Eg tek oppdrag for ulike oppdragsgjevarar med ulike målgrupper.
Tema eg gjerne skriv om er skule og utdanning, friluftsliv og helse, kultur, mangfald og integrering, frivillig arbeid og organisasjonsliv. Eg har sjølv mangeårig erfaring med frivillig arbeid i ulike organisasjonar.
Mi dialekt er frå Nordfjord. Eg skriv nynorsk og bokmål. Reportasje, feature og portrett er sjangrane eg likar best å jobbe med. Som nyutdanna journalist jobba eg i avis og radio (NRK), og som medielærar i vidaregåande skule hadde eg mellom anna ansvar for lydproduksjon. I 2022 jobba eg mykje med lyd (podkast, radio og innlesing av lydbøker), samt video. Min base er i Oslo, men oppdrag som inneber reiseaktivitet er også interessante.
Arbeidserfaring:
Medielærar
Informasjonssjef
Prosjektleiar
Informasjons- og kommunikasjonsarbeid
Radioreporter
Avisjournalist
Studier:
Menneskerettigheter, flerkulturell forståelse og konflikthåndtering (Universitetet i Sørøst-Norge)
Kreativ webdesign (Høgskolen på Vestlandet)
Praktisk pedagogisk utdanning (Høgskulen i Sogn og Fjordane)
Journalistutdanning (Høgskolen i Rogaland)
Sosialantropologi (Universitetet i Oslo)