Vi har ikkje flyplass og motorveg, men kan dagleg ta turen til Bergen eller Førde og, om vi vil, vidare ut i den store verda. Vi har ikkje operahus og kaffibar, men kan nyte spanande smakar frå både inn- og utland etter å ha hatt vind i håret på ein fjelltopp eller kjent sjøskvulpen etter ein padletur. Vi har ikkje supermarked og parkeringsvakter, men får det vi treng og slepp og stå i kø. Vi er ein kommune i positiv utvikling og vil gjerne at fleire skal få oppleve å bu i Solund, ein øykommune i Sogn og Fjordane. Den ligg ytterst i Sognefjorden mot Nordsjøen. Med sine mange øyar, holmar og skjær er dette den vestlegaste kommunen i landet, og den einaste reine øykommunen i Sogn og Fjordane. Hardbakke er kommunesenteret og den største tettstaden. Befolkning ca 880 (2010)
Antall ansatte
ca 120