Geitbåtmuseet er eit lite museum i Valsøyfjorden, Halsa kommune. Viktigaste samlingsobjekt er som namnet seier geitbåten og nærslekta båttypar. Aktiviteten spenner frå vanleg museumsformidling til ungar og vaksne, til bygging av hus og båtar. Istandsetting av eldre slags bygg er også viktig del av oppdrag vi har.
Avdeling Husasnotra står for det utøvande arbeidet med hus og båtar. Denne avdelinga er definert som ei opplæringsverksemd. Der vi har plass både for lærlingar, næmingar og studentar i opplæring, i tillegg til fast tilsette handverkarar. Oppdraga fell spreidde innafor heile Møre og Romsdal fylke, til dels også i Sør-Trøndelag.