Ledig 100% stilling som kyrkjetenar
I Sula sokn er det ledig fast 100% stilling som kyrkjetenar.Vil du bli ein del av staben vår?Sula kyrkjelyd søkjer no etter ein kyrkjetenar som er praktisk anlagt, opptatt av medmenneske og som har god IT-kompetanse. I staben har vi for tida: sokneprest, kapellan, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, konsulent, kyrkjetenar og kyrkjeverje.Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, som ligg i tettstaden Langevåg og Indre Sula kyrkje, ei nyare arbeidskyrkje på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser.Arbeidsoppgavervedlikehaldsarbeid og praktiske oppgåver i Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkjereinhald i begge kyrkjenemedverknad i kyrkjelege handlingar som gudstenester, vigslar og gravferdervaktmeistarfunksjonar ved andre tilstellingar i kyrkjenebrannvernansvarlig i kyrkjeneføring i Famac datasystem for byggforvaltning, drift og vedlikehald av kyrkjene, herunderavvikshåndtering og rutiner for internkontroll m.msøkjar må rekne med ein del arbeid i helgane og noko kveldstidKvalifikasjonerrelevant kompetanse eller yrkeserfaringmedlemskap i Den Norske Kyrkjatilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande regelverkmedlemskap i KLPførarkort klasse B og disponere eigen bilden som vert tilsett må legge fram politiattestPersonlige egenskaperevne til å ta initiativ og jobbe strukturert og sjølvstendigevne til å kommunisere godt med brukarar av kyrkjenegode samarbeidsevnergod IT-kompetanseanlegg for praktisk arbeid og ha auge for å sjå kva som bør gjerastpersonleg eignaheit blir vektlagdVi tilbyrTverrfaglig arbeidsmiljø med vekt på utvikling og samhandlingvarierte arbeidsoppgåverløn etter gjeldande tariff i Den norske kyrkjamoglegheit for kompetanseheving gjennom Kirketjenerskolen, evt. andre kurs/seminar Kontor kyrkjetenar: Langevåg kyrkje Råsa 41, 6030 LangevågSula kyrkjekontor: Rådhuset, Sloghaugvegen 13, 6030 LangevågOpplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sulaAttestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.Søknadsfrist: 21. april 2024. Startdato: snarast, etter avtale.KontaktinformasjonMonica Blom-Welle Eikrem, Fungerande kyrkjeverje, +47 70 19 96 00ArbeidsstedSloghaugvegen 136030 LangevågNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sula soknStillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 21.04.2024+47 70 19 96 00
21.04.2024
Sula