<  
>  

Trainee innan utvikling

Trainee i Tibber
Trainee i Tibber

Produktet og kundeoppleving er to sider av same sak. Vi bygger ei digital oppleving og vi legg stor vekt på detaljane i opplevinga. Det skal vere enkelt å bruke, lite friksjon og gje brukaren følelsen av: "kvifor har ikkje alle andre gjort dette før?".

Tibber utviklar heile si plattform sjølv. Vi nyttar Amazon Web services som infrastruktur og byggjer programvare etter prinsippet om micro services. Stikkord om kva teknologiar og verktøy vi nyttar i utvikling av Tibber: .Net Core, Python, Node JS, numerisk matetmatikk, algoritmer og machine learning.

Personlege eigenskapar

  • Du har ei kick-ass haldning
  • Du gir jernet, fordi du diggar programvare som handverk
  • Du seier det du meiner


Vi kan tilby deg

  • Vestlandets mest spennande arbeidsplass
  • Muligheten til å vere med på eit eventyr
  • Lønn og aksjar/eigarskap i selskapet på same vilkår som investorar har kjøpt seg inn på
  • Ein garanti om hardt arbeid og mykje latter
Flere arbeidsgivere med traineeprogram
Vis alle 176 arbeidsgivere
Relaterte stillingsannonser
Vi har ingen registrerte utlysninger. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre ledige stillinger hos Tibber
Vi har ingen registrerte utlysninger. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Om Tibber
I framtida vil heimane våre styre og handle energi sjølve. Hus i eit nabolag vil dele på straum frå eigne tak og styre forbruk i mellom seg - alt kontrollert av deg frå mobiltelefonen. Ikkje berre trur vi på denne framtida. Vi skapar den kvar dag.

Tibber er verdens første heildigitale energiselskap med hovudkontor i Førde. Vi har på under 2 år vakse til 15 tilsette, og har kundar i heile Sverige og Norge. Selskapet har god finansiering, blant anna gjennom investorer som Petter Stordalen, BKK Invest og svenske Wellstreet.

No skal vi utvide teamet vårt i Førde for å fortsetje veksten. Kjenner du nokon som er klare for et eventyr? Kanskje det er deg?

Vi søker leikande, eventyrlystne oppdagarar, nerdete spesialistar og deg som kan skape vanvittig gode opplevingar for kundar