Eg tilbyr ulike tenestar innan språk og kommunikasjon. Eg kan bidra me alt frå omsetjing, teksting, språkvask, korrektur, ghostwriting og redigering, men også stemmeskodespel (voiceover) og lydbokinnlesing. Eg er god på nynorsk, men meistrar bokmål like godt.
Fleire år som journalist og redaktør for ulike publikasjonar, frå ungdomskultur- og motemagasin og tekstannonsepublikasjonar til Dag og Tid, Nynorsk pressekontor og Språkrådets nyheitsbrev, har gitt meg god kompetanse på alle typar tekst til ulike målgrupper.
Eg har ein del erfaring frå scene og foran kamera (mest amatørproduksjonar) og eg har lese med ein skodespelar som gav meg gode skussmål. Åra som lærar har også styrka evna mi til å fengja eit "publikum". Eg trur eg er god til å ta regi og har god innleving.