Amalie Skram vidaregåande skule ligg i Bergen sentrum og har omlag 1000 elevar og 130 tilsette. Skulen tilbyr Studiespesialiserande utdanning, Medier og kommunikasjon og Service og samferdsel. Amalie Skram vil ha som mål å tilby eit svært breidt programfagtilbod. Skuleanlegget er samlokalisert med Bergen kommune sitt regionale symjeanlegg AdO arena.
Vi har 100% ledig undervisningsstilling for tilrettelagt opplæring (HT) på programområde for Service og samferdsel.
Arbeidsoppgåver
- Undervisningsstillingen er knytt opp mot elevar i tilrettelagde grupper med mål om full kompetanse eller grunnkompetanse.
- På avdeling for tilrettelagt opplæring er det ledig ei 100 % stilling.
- Elevar i disse gruppene har stort hjelpe- og tilretteleggingsbehov. Aktiv bruk av nettbrett og arbeidspraksis i skolens kaffebar - Kaffe Diem - er ein sentral del av undervisning og opplæring.
- Elevane har behov for trening på sosial kompetanse.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning inngår i stillingane, samt rettleiing i team og tverrfagleg samarbeid med andre instansar utanfor skulen.
Kvalifikasjonar
- Det er krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i programfaga innafor service og samferdsel.
- Spesialpedagogisk utdanning og/ eller erfaring frå tilrettelagt opplæring er ønskeleg.
- Alle nytilsettingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 månader.
- Den som skal tilsettast i vidaregåande skole må legge fram politiattest.
- Krav om gode IKT kunnskaper.
Personlege Eigenskapar
- Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere.
- Gode evner til samarbeid.
- Systematisk og nøyaktig.
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønnspolitikk.
- Gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse.
- Godt fag- og arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Torrey Hummelsund, avdelingsleiar ,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Bergen
Adresse: 5015 BERGEN