Hordaland fylkeskommune

Hordaland er et fylke på Vestlandet i Norge, som grenser mot Sogn og Fjordane i nord, Buskerud og Telemark i øst, og Rogaland i sør. Hordaland består av distriktene Hardanger, Midhordland, Nordhordland, Sunnhordland og Voss. Administrasjon-sbyen i Hordaland er Bergen, Norges nest største by. Navnet «Hordaland» kommer av folkenavnet Horðar (germansk folkestamme). Horðar er en avledning av av det germanske ordet for skog, harud. Areal 15 440 km² Befolkning 462 674 (2008)
Les mer
Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
Bedriftsprofil
Her kan du lese om jobbmuligheter og
ledige stillinger

Ledige stillinger hos Hordaland fylkeskommune

Org. nr: 876246732 Stillingsident: 4114739404 Presentasjon av stillinga: Vi søkjer etter tre psykologar til eit team på seks. Ein stilling har arbeidsstad i Bergen Sør med faste dagar i Sunnhordland. Ein stilling har arbeidsstad i Bergen sentrum. Den tredje stillingen har arbeidsstad i Bergen sentrum med faste dagar på Voss.Hordaland fylkeskommune etablerte hausten 2016 eit team av seks psykologar i dei vidaregåande skulane. Målet er at fleire ungdomar skal få hjelpa dei treng for å fullføre opplæringa og på den måten oppnå ønska kompetanse. Teamet jobbar førebyggande, både individ- og systemretta.Vi kan tilby arbeidsoppgåver der du som psykolog vil jobbe tett saman med andre yrkesgrupper og bidra med din psykologfaglege kompetanse. Ved å vere til stades på dei vidaregåande skulane bidrar du i fylkeskommunen sin styrka innsats for betre gjennomføring.Psykologane skal samarbeide tett med kommunane gjennom skulehelsetenesta. Stillingane vert lagt til den fylkeskommunale OT/PPT-tenesta, men vil ha definerte oppgåver på dei vidaregåande skulane. Psykologane har sin arbeidsarena på skular og må kunne bevege seg mellom fleire skular.ArbeidsoppgåverIndividretta arbeid; ha kontakt med enkeltelevar og elevgrupperDrive gruppeverksemdTilvise til behandling i spesialisthelsetenesta der dette er naudsyntRettleie og kurse lærarar og anna personaleTilby skulane kompetanseutvikling innanfor psykisk helseSamarbeide med andre aktuelle instansarKvalifikasjonarCand. Psychol.Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og ungeDet er ei føremon med sertifikatAlle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.Til denne stillinga er det ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest.UtdanningsretningPsykologiUtdanningsnivåHøyskole/universitet, ProfesjonsstudiumPersonlege EigenskaparPersonlege eigenskapar bil bli tillagt stor vekt, og vi søkjer deg som er motivert, utviklingsretta og utprega gode kommunikasjonsevner. Liker arbeidsoppgåver retta mot både individ og system. Liker å jobbe sjølvstendig og i team. Er ansvarsfull og fleksibel.Vi tilbyrUtfordrande og varierte arbeidsoppgåverTverrfagleg samarbeidRettleiingTilknyting til eit godt fag- og arbeidsmiljø i OT/PPT. Frå 01.01.2020 blir Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune. Det kan bli gjort endring i organiseringa av arbeidet i samband med dette. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.Andre opplysningarNoe reisevirksomhet må påregnesKontaktinformasjonJanne Lisen Ringdal Strøm, leiar, (+47) 92622317 Line Brudvik Myhr, leiar, 40214842ArbeidsstadBergenNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 100% Fast Tal på stillingar: 3 Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4114739404&company_id=1295781199&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019
Sandsli vidaregåande skule har om lag 570 elevar innan studiespesialiserande og restaurant- og matfag, og om lag 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Skulen arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. På Sandsli gir vi <<næring til læring>>, og resultata viser at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling og gode resultat.Arbeidsoppgåver56,46 % i entreprenørskap og bedriftsutvikling14,55% i yrkesfagleg matematikk (tilrettelagt gruppe)KvalifikasjonarKjennskap til dei skuleadministrative systemaGod IKT-kompetanseErfaring frå vidaregåande skule er ønskeleg.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule, må leggje fram politiattest. Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.UtdanningsretningBedriftsøkonomiMatematikkUtdanningsnivåHøyskole/universitet,BachelorgradPersonlege EigenskaparSkulen søkjer ein lærar som har eit høgt fagleg engasjement og som klarer å skape gode relasjonar til elevane.Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid og kollega samarbeidGode samarbeidsevner vert vektlagtVi tilbyrSandsli er ein spanande arbeidsplass med engasjerte kollegerFor stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode pensjons- og forsikringsvilkår.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonInger Anne Taule, avdelingsleiar , 95853656 Rune Dolvik, rektor , (+47) 97969127ArbeidsstadSandsliNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 71,01% Vikariat Startdato: 16.09.2019 Sluttdato: 31.07.2020 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4115328867&company_id=1295946752&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019 Bergen
Org. nr: 974557320 Stillingsident: 4117710283 Presentasjon av stillinga: Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp. Skolen har ca 500 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIP og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har ledig full, fast stilling som lærar for snarleg tilsetting. Vi søkjer etter ein faglærar innanfor teknikk og industriell produksjon, fortrinnsvis CNC-teknikk.ArbeidsoppgåverUndervisning i programfag på vg1 og vg2.Det kan bli lagt kontaktlæreransvar til stillinga.KvalifikasjonarRelevant fagbrev innanfor teknikk og industriell produksjon, fortrinnsvis CNC-teknikk.Godkjend teoretisk utdanning på minimum fagskulenivå.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.UtdanningsretningMaskin / KonstruksjonUtdanningsnivåFagbrev / SvennebrevPersonlege EigenskaparVi er ute etter ein person som kan skape gode relasjonar til elevane.Du har gode samarbeidsevner og motivasjon og interesse for å jobbe med elevar med ulike utfordringar.Du likar å jobbe utadretta mot bedrifter og bransjePersonlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing.Vi tilbyrEit godt fagleg og sosialt miljø.Nye, gode verkstedsfasilitetar.Variert tverrfagleg samarbeid.Gode forsikringsavtalerVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonTerje K Rasmussen, avdelingsleiar , 95999318ArbeidsstadNesttunNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4117710283&company_id=1316733916&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019
Org. nr: - Stillingsident: 4116828717 Presentasjon av stillinga: Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 4 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar. Skulen har også ein avdeling for tilrettelagt opplæring. Skulen skal være ein stad der alle elevar skal finne eit godt og inkluderande læringsmiljø. Skulen sin visjon er: Kultur for læring gjennom samhald og samhandling.ArbeidsoppgåverSom assisterande rektor er du rektor sin næraste medarbeidar og sted fortredar.I tillegg vil du få tillagt avdelingsleiaransvar. Dette inkluderer ansvar for ressursplanlegging/timeplanarbeid i samarbeid med dei andre avdelingsleiarane. Vidare vil ein få ansvar for å leie realfagssatsinga på skulen.KvalifikasjonarSøkjar må ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jfr. Opplæringslova.Det er ønskjeleg med leiarerfaring / leiarutdanningGod skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnadKunnskap om personalarbeid.Realfagleg utdanning med matematikk.God kunnskap om IKT til pedagogisk og administrativ bruk.Alle ny tilsettingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest.UtdanningsnivåHøyskole/universitet,BachelorgradPersonlege EigenskaparKreativ, utviklings- og løysingsorientert med god evne til å kommunisere.Evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og i team.Eit romsleg menneskesynEvne til å skape tillit, stort engasjement og god samarbeidsevneGod gjennomføringsevneEvne til å jobbe med fleire oppgåver samtidigI utveljinga vert det lagt stor vekt på personleg dugleik og at ein kan bidra til fagleg breidde i leiargruppa ved skulenVi tilbyrEit solid fagmiljø med fokus på utvikling til beste for elevaneGode forsikrings- og pensjonsordningarLøns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.Godt og triveleg arbeidsmiljø.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonRolf Arve Haugstvedt, rektor , 48073826ArbeidsstadBergenNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 100% Fast Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4116828717&company_id=1316734072&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019
Org. nr: 974557339 Stillingsident: 4117269907 Presentasjon av stillinga: Knarvik vidaregåande skule har om lag 1000 elevar fordelt på mange ulike utdanningsprogram. Visjonen vår er "Læring og vekst for alle"Skulen har frå august 2019 ledig ein heil stilling på tilrettelagt avdeling, Tip.På tilrettelagt avdeling vert det arbeidd med referanse til konsekvenspedagogikk med fokus på sosial læring. Du skal planleggje, gjennomføre og evaluere undervisninga etter prinsippa i individuell opplæringsplan.ArbeidsoppgåverTIP HT Yrkesfagleg grunnutdanning:Undervisninga føregår hovudsakleg i verkstad. Kompetanse innan dreiing, montering, sveising og sykkelreparasjonar er spesielt ønskjeleg.Klassa består av ca 8 elevar der ein miljøarbeidar støttar deg i arbeidet.KvalifikasjonarFagskule (2 år,120 sp)Høgskule/universitet (120 sp,)Praktisk pedagogisk utdanning.UtdanningsnivåFagskole (2 år)Personlege EigenskaparGode samarbeidsevner.Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere.Systematisk og nøyaktig.Kunne arbeide sjølvstendig.Vi tilbyrEr du ein person som ønskjer å arbeide med ungdom og har fokus på sosial læring, fagleg styrke og med eit tydeleg engasjement kan vi garantere deg utfordrande og spanande oppgåver.Lønn og lønnsutvikling i samsvar med Hordaland fylkeskommune sin lønnspolitikk.Gode pensjons og låneordninger i Statens pensjonskasse.Godt fag- og arbeidsmiljø der samarbeid kollegaene mellom er sentralt.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjortKontaktinformasjonRoar Teige, avdelingsleiar , 97144459ArbeidsstadIsdalstøNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 100% Fast, Fast Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4117269907&company_id=1316734027&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019
Org. nr: 974557061 Stillingsident: 4121230406 Presentasjon av stillinga: Tertnes vidaregåande skule har ca 700 elevar og ca 90 tilsette. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Idrettsfag, service og samferdsel, studiespesialisering og studiespesialisering med toppidrett.Skulen har ledig eit undervisningsvikariat i matematikk med snarleg tiltreding. Vikariatet går ut skuleåret 2019/20Ta gjerne kontakt for meir informasjon.ArbeidsoppgåverVikariatet er knytt til faga 1P, S1 og S2KvalifikasjonarVi søkjer etter ein person med undervisningskompetanse i matematikkSøkjarar med PPU eller tilsvarande blir føretrektDen som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattestAlle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månaderUtdanningsretningMatematikkUtdanningsnivåHøyskole/universitet (60 sp, 1 år)Høyskole/universitet, MastergradHøyskole/universitet (180 sp, 3 år)Personlege EigenskaparGode evner til kommunikasjonGode evner til å rettleie og motivere ungdomGode evner til samarbeidPersonleg og fagleg integritetKunne arbeid sjølvstendigLøysings- og resultatorientertAndre undervisningsfagfag utover matematikk kan telje positivtVi tilbyrVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjortAndre opplysningarIngen reiseaktivitetKontaktinformasjonDag Vartdal Carlsen, avdelingsleiar , 55254020ArbeidsstadTertnesNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: ca 80% Vikariat Startdato: 20.09.2019 Sluttdato: 31.07.2020 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4121230406&company_id=1316734233&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019
Org. nr: - Stillingsident: 4119401470 Presentasjon av stillinga: Skyss sitt kundesenter er kollektivtrafikken i Hordaland sitt ansikt ut, og eit viktig kontaktpunkt for dei kollektivreisande i fylket. Skyss er ei verksemd i stor endring og utvikling. Verksemda har eit krevjande samfunnsoppdrag og det er eit stort behov for å levere relevant og god kundeservice. Kundebehova endrar seg, og sjølv om bruk av digitale kanalar aukar, så aukar samstundes etterspurnaden etter god service i tradisjonelle kanalar som e-post, telefon og kundesenterskranke. Enkle førespurnader som spørsmål om rutetider og kjøp av billettar går i dag i hovudsak i digitale kanalar, medan dei meir komplekse problemstillingane kjem i skranke, på telefon eller e-post. For å levera godt på dette oppdraget lyt Skyss ha tilstrekkeleg kapasitet og god kompetanse i sitt kundesenter.Vi har no eit ledig 100% vikariat ved vårt kundesenter ut august 2020. Vi ser etter deg som trivs med mykje kundekontakt i ein hektisk kvardag, er positiv, blid og imøtekommande. Vi kan tilby ein spennande arbeidskvardag, med varierte arbeidsoppgåver og gode kollegar.ArbeidsoppgåverIvareta kundeførespurnader, innspel, samtaler og klagar i eit høgt tempoSikre god service gjennom digitale kanalar, telefon, e-post, chat og ved personleg oppmøteAktivt bidra til at kundar tar i bruk digitale kanalarBidra til digitalisering og kontinuerleg forbetring i all kundeserviceBidra til samarbeid, informasjonsdeling og kompetanseutveksling internt og mot samarbeidspartnareKvalifikasjonarSærs gode kommunikasjonsevner og trivast med telefon og e-post som hovudverktøy i arbeidskvardagenHøg grad av serviceinnstillingGod kjennskap til bruk av IT-verktøyErfaring frå kundebehandling vil vere ein fordelAlle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månaderPersonlege EigenskaparServiceinnstilt og oppriktig glad i å hjelpe menneskeYnskjer å skape best mogleg kundeopplevingarAktiv bidragsytar og god til å ta initiativSjølvstendigTrivst i eit hektisk miljøGod til å utarbeide, oppsøkje og finne informasjonEit ynskje om å bygge opp kollegane rundt seg, og skape eit best mogleg arbeidsmiljøKontaktinformasjonAnita Petrin Støyva, Kst. leiar, +47 471 42 739, anita.petrin.stoyva@skyss.noArbeidsstadBergenNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 100% Vikariat Sluttdato: 31.08.2020 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 01.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4119401470&company_id=1316734367&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
01.09.2019
Org. nr: 876246732 Stillingsident: 4118711179 Presentasjon av stillinga: Osterøy vidaregåande skule er ein kombinert skule med studiespesialisering og yrkesfaglege utdanningsprogram: Elektrofag, helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon og tilrettelagde grupper. Skulen har om lag 200 elevar. Vi er ein moderne skule med godt utstyr, og lyse og trivelege lokale.Skulen har eit tett og godt samarbeid med lokalmiljøet som til dømes elektrobransjen, industri, skular, barnehagar og sjukeheimar i Osterøy kommune. Det er ønskjeleg å vidareutvikle samarbeidet ved at skulen mellom anna gir god og relevant opplæring som dekkjer behovet for kompetanse og arbeidskraft i kommunen. Vi har eit godt elevmiljø og dyktige lærarar.Skulen ligg i Lonevåg, om lag 45 minuttars køyring frå Bergen, og held til i nytt bygg med miljøsertifisering og med nærleik til ungdomsskule, barnehage og kommuneadministrasjon.Stillinga som rektor er ledig frå 01.01.2020.HFK søkjer etter ein rektor som: ¿ Set elevane si læring og deira vekst i sentrum for skulen sitt arbeid og overgang til læreplass/studium eller arbeid. ¿ Har open og tydeleg kommunikasjon. ¿ Har klare mål som ein søker å oppnå i eit fellesskap ¿ Leier prosessar med god fagleg forankring i pedagogisk utvikling og profesjonsutvikling. ¿ Legg stor vekt på samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane. ¿ Byggjer ein sterk fagleg og verdibasert kultur ¿ Er oppteken av å halde ved like og skape eit attraktivt arbeidsmiljø prega av respekt, tillit og dialog. ¿ Har eit avklart forhold til rolla som arbeidsgjevar med god forståing av lov og avtaleverk. ¿ Vidareutviklar skulen si rolle som aktør i lokalsamfunnet. ¿ Profilerer skulen og bidreg til auka rekruttering.KvalifikasjonarHordaland fylkeskommune krev at rektorane har kompetanse i samsvar med Opplæringslova § 9-1: ¿Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar.¿.Utdanning innan leiing og organisasjonsutvikling er ønskjeleg.Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein fordel.Kunnskap om økonomistyring.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.Personlege EigenskaparEr sosial og inkluderande og byggjer gode relasjonar og nettverkHar verdibasert forankringHar stort engasjement og evne til å motivereHar gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeidEr reflektert og resultat- og løysingsorientertArbeider strukturert og systematiskVi tilbyrGode offentlege pensjons- og forsikringsvilkårVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonHillevi Elizabeth Runshaug, regionleiar, 48045397 Magnus Odeen, seniorrådgjevar , 48200668ArbeidsstadLonevågNøkkelinformasjon:Annonsør:Hordaland fylkeskommune Stillingsbrøk: 100% Fast Startdato: 01.01.2020 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 05.09.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4118711179&company_id=1683979946&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
05.09.2019 Osterøy

Rekrutteringskalender

  • SEP 01
    2019
    9 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)

Registrer deg i CV databasen!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Fakta om Hordaland fylkeskommune