Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
Os folkebibliotek har 7% stilling ledig for bibliotekar, annakvar laurdag.
Arbeidsstad
Os folkebibliotek
Arbeidet omfattar skranketeneste:
- rettleiing av publikum i biblioteket, på tlf. og på internett
- innlevering og utlån, til dels stort arbeidspress
- oppstilling av bøker i mange ulike kategoriar
- bruk av biblioteksystemet Mikromarc
Søkjarar må ha følgjande kvalifikasjonar:
- Utdanna bibliotekar
- rutinert og rask brukar av internett, fagprogram, teksthandsaming
- leselyst og interesse for bøker
- evne til kontakt med menneske i alle aldrar
- serviceinstilt og sjølvstendig
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Stillinga vert løna som bibliotekar.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg videre instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernamn/passord" eller ta kontakt med personalkontoret.
Søknadsfrist:05.09.18
Arbeidsgiver:Os kommune
Sted:Os Folkebibliotek
Adresse: 5202 OS