Om stillingen
Ved Nord universitet, HR-avdelinga, søkjer vi ein entusiastisk assisterande HR-sjef som ønskjer å vere med å leie utviklinga av HR-feltet i organisasjonen.
Assisterande HR-sjef vil vere fast avløysar for HR-sjefen og innan ansvarsområdet sitt utøve oppgåver på vegner av HR-sjefen. Endeleg avklaring av arbeidsdeling mellom HR-sjefen og assisterande HR-sjef avtalast i samband med tilsetjing.
Stillinga er fast 100 % og har kontorstad Bodø.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Stillinga som assisterande HR-sjef krev utdanning frå universitet eller høgskole, mastergrad eller tilsvarande innan rettsvitskap, HR eller andre relevante fagområde. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Gode kunnskapar om gjeldande lover og avtaleverk innan fagfeltet
- God fagleg kompetanse og erfaring innanfor HR-feltet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode IT-kunnskapar
Andre kvalifikasjonar og personleg eigna til jobben
- Erfaring frå universitets- og høgskolesektoren vil bli lagt vekt på
- Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig med fleire parallelle prosessar
- Serviceinnstilt, initiativrik og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Gode analytiske evner
- Løysingsorientert og har god prioriterings- og gjennomføringsevne
Om ein er personleg eigna vil bli vekta i stor grad.
Vi tilbyd
Stillinga blir løna etter statens lønsregulativ, kontorsjef (kode 1054) - ltr. 72 - ltr. 79 , kr 677 600,- - kr 801 300,- i året. For særleg kvalifiserte søkarar kan ein avtale høgare løn.
Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i .
- Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
- En arbeidsplass i stadig utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Aktivt bedriftsidrettslag
Generell informasjon
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.
Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremå.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:
HR-sjef Marianne Hjartøy Breimo, , tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon
Søknad
Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 24.09.2021
All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.
Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.
Referanse: Logg inn for å se kontaktinformasjon