Innkrevjingsavdelinga har for tida om lag 110 medarbeidarar. Den har ei kontrollgruppe (Regional kontrolleining), ein innkrevjingsseksjon og Skatteoppkrevjar utland. Avdelinga har medarbeidarar i Bergen, Stavanger og Leikanger. Konkrete og utfordrande arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer, gjer Skatteetaten til ein spennande arbeidsplass.
Regional kontrolleining har ansvaret for kontroll av skatteoppkrevjarar i 85 kommunar i regionen.
Skatteetaten har personalpolitiske mål om å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og vi ønskjer søkjarar frå alle samfunnslag. Som IA-bedrift vil vi og leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført i den offentlege søkjarlista, må du grunngi det. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har oppmoda oss om å ikkje føre deg opp i søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om det.
Skatt vest har elektronisk handsaming av søknadar. Vi ber om at søkarar registrerer søknad og CV via nettsida vår
www.skatteetaten.noeller
www.nav.no. Legg attestar og vitnemål ved elektronisk, eller send dei per post til Skatt vest, Postboks 8103, 4068 Stavanger. Du må bruke referansenummer 2012/561752. Søknader og attestar blir ikkje returnerte.
Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga.
Arbeidssted:
Diverse:
Kontaktperson(er):
Underdirektør Jan Kåre Strøm, tlf. 909 13 076 / 55 57 84 69
For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]