- Sentralskattekontoret for utanlandssaker - Skatt vest
Sentralskattekontoret for utanlandssaker (SFU) er eit landsdekkjande skattekontor for verksemder, selskap og enkeltpersonføretak, høyrande heime i utlandet som ikkje driv varig verksemd i Noreg og for arbeidstakarar tilsett hjå desse. I tillegg liknar SFU sokkelarbeidarar som er busette i utlandet, utanlandske sjøfolk på norskregistrerte skip og utanlandske artistar og idrettsutøvarar.
SFU behandlar søknader frå utanlandske aksjonærar i norske selskap i om refusjon av kjeldeskatt trekt på utbytte. Kontoret er kompetent myndigheit etter skatteavtalane sine føresegner om bistand i skattesakar om utveksling av opplysningar mellom statane og har òg ansvar for bistand etter den nordiske trekkavtala om overføring av skattetrekk og selskapsskatt.
Kjeldeskatt på utbytte er eit spanande felt innan den internasjonale skatteretten. Rettstilstanden er sterkt påverka av EU/EØS-retten og er i stadig utvikling. Gruppa består av 10 tilsette, blant desse 4 juristar. Me har eit stabilt høgt sakstilfang og kommuniserer med bankar og investeringsverksemder over heile verda. Ein del rutineoppgåver må difor påreknast.
Generelt:
Skatteetaten har personalpolitiske mål om å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og vi ønskjer søkjarar frå alle samfunnslag. Som IA-bedrift vil vi også leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført i den offentlege søkjarlista, må du grunngi det. Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har oppmoda oss om å ikkje føre deg opp i søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om det.
Skatt vest bruker elektronisk søknadsbehandling. Vi ber om at søkjarane registrerer søknad og CV via nettsidene
www.skatteetaten.noeller
www.nav.no. Send attestar og vitnemål elektronisk.
Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga.
Arbeidssted:
Diverse:
Kontaktperson(er):
Fung.underdirektør Jonas Valvatne Granli, tlf. 51 96 96 60
For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]