Vi søkjer seksjonsleiar Seksjonsleiar for køyretøyseksjonen, Bergen
Vi søkjer seksjonsleiar til køyretøyseksjonen ved trafikkstasjonen i Bergen og Nordhordland, med arbeidsstad i Bergen.
Køyretøyseksjonen har ansvaret for gjennomføring av teknisk kontroll i hall og ute på veg, trafikktryggleik og ansvar for undersøking av ulykker.
Oppgåver og forventningarSom seksjonsleiar har du personalansvar for om lag 30 tilsette og resultatansvar for seksjonen. Saman med dei to andre seksjonsleiarane i området vil du ha eit felles ansvar for den praktiske styringa og drifta av trafikkstasjonane. Du inngår i Trafikant- og køyretøyavdelinga si leiargruppe
Statens vegvesen sin visjon er «På veg mot eit betre samfunn». I vår arbeidskvardag legg vi stor vekt på våre verdiar: inkluderande, profesjonelle og framtidsretta. Vi ynskjer difor leiarar som;
- er synlege og gode rollemodellar for sine medarbeidarar
- viser handlekraft og gjennomføringsevne
- er resultatorientert og definerer mål og retning for eininga
- set krav og gjer klare tilbakemeldinger og anerkjennelse på arbeid og adferd
KvalifikasjonskravDu har utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, fortrinnsvis innen leiing, personal, administrasjon, økonomi, eller innan teknisk fagretning. For deg som har fleire års erfaring med leiing, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til formalutdanning fråvikast.
Du har fleirårig erfaring frå leiing og det er i tillegg eit pluss hvis du har erfaring frå køyretøysretta arbeid anten frå privat eller offentleg verksemd.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den er godkjend av NOKUT(
www.nokut.no).
Eigenskapar som vi vil leggje vekt på:- Relasjonsskapande, inkluderande og evne til heilskapleg tenking
- Utviklingsorientert og omstillingsdyktig i høve til organisasjon og samfunn
- Vere strukturert og ha evne til å koordinere, delegere og rettleie
- Gode kommunikasjons- og framstillingsevner, både skriftleg og munnleg
Vi kan tilby:- Utfordrande, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Rom for personleg utvikling og etter-/vidareutdanning
- Fleksibel arbeidstid
- Pensjonsordning i Statens Pensjonskasse (2 % trekk)
- Løn etter nærare avtale, jamfør etatens lønspolitikk, frå min. lønssteg 66 (kr 558 600,- /år.)
Stillinga føreset sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast.
SøknadStatens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.
Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.
KontaktpersonarFleire opplysningar om stillinga kan du få hos leiar for Trafikant- og køyretøyavdelinga, Jan Tore Odd, tlf 906 39 887 (
jan.odd@vegvesen.no), seksjonsleiar Siv Hanne Eikestad tlf 468 23 603 eller Irene Laumann Monssen 907 70 523.
Er dette leiarstillinga for deg? Då er du er velkomen til å søke via vår jobbportal,
www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-085-13, innan 8. desember 2013.
Sted: Bergen
Kontakter:
Jan Tore Odd, , mob: 47 90639887 Irene Laumann Monssen, tlf: 47 55516646, mob: 47 90770523
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]