Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen sitt leiarteam og jobbe med pedagogisk leiing,
personalleiing og administrative oppgåver? Vi har ledig to 100 % faste stillingar som avdelingsleiar frå 01.08.2018.
Valderøy ungdomsskule har elevar i all hovudsak frå Vigra og Valderøya. Skulen vil ha omlag 280 elevar neste skuleår fordelt på tre trinn, med fire klassar på kvart trinn.
Leiargruppa, som er rektor og tre avdelingsleiar, har ansvar for skulen si utvikling og resultat. Rektor vil fordele pedagogiske og administrative arbeidsoppgåver ut frå avdelingsleiarane sin kompetanse, erfaring og interessefelt. Administrasjonsressursen til avdelingsleiarane er på om lag 40 %, - undervisningsdelen om lag 60 %.
Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.
Administrajons-/undervisningsmålet i Giske kommune er nynorsk.
Den som blir tilsett må legge fram gyldig politiattest.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og pedagogisk utviklingsarbeid, HMS, økonomi, koordinering av vikarbehov,timeplanlegging, økonomiarbeid, nasjonale prøver, spesialpedagogisk arbeid, endringsarbeid, elev- og foreldreundersøkingar, oppfølging av elevsaker, heim - skule samarbeid m.m.
- I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, ansvar for den daglege personaloppfølginga i si avdeling.
- I lag med resten av leiarteamet vere ein pådrivar i utviklingsarbeid, - i samsvar med Giske kommune sitt verdidokument, kvalitetsplanen for skule, barnehage og sfo, og nasjonale planverk.
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
- Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i administrasjon og leiing - gjerne rektorskulen
- Helst relevant leiarerfaring
- God digital kompetanse og interesse for digitalt utviklingsarbeid
- God kunnskap i norsk - både munnleg og skriftleg
- Dokumentasjon på utdanning skal skannast som vedlegg til søknaden.
Personlege Eigenskapar
- Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
- Evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement
- Vilje og evne til å arbeide ryddig, strukturert og målretta
- God relasjonskompetanse - evne til å involvere personale, foreldre og elevar i utviklingsarbeidet.
- Ønskje om og evne til å påvirke.
Vi tilbyr
- Utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Nina Rødland Rabben, einingsleiar/rektor,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArild Smestad, inspektør,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Valderøya