Serit Fjordane IT er fylkets største IT-Leverandør. Vi har i tillegg eit nystarta kontor i Bergen med 6 tilsette .
Til vårt kontor i Førde søkjer vi no etter ein dyktig controller som skal bidra til økt effektivitet i våre leveransar, samt sikring av kvalitetsmål i alle ledd av vårt daglege virke.
Stillinga som controller rapporterar til dagleg leiar. Som controller i Serit vil du også ha eit tett samarbeid med andre kontor i heile landet.
Arbeidsoppgåver:
Økonomisk oppfølging og kontroll av dagleg drift, samt av ulike prosjekt.
Økonomisk analyse.
Prognose -og budsjetteringsarbeid.
Rapportering og presentasjon av resultat og måloppnåelse, samt oppfølging av relevante funn.
Bistå i arbeid med å vidareutvikle interne kontrollrutinar og prosessar.
Opptre som bindeledd i interaksjon med regnskapskontor og revisor.
Tett dialog og samarbeid med daglig leiar ved kontor i Førde og i Bergen.
Deltagelse i strategiarbeid saman med styret.
Bistå i arbeidet med innsikt.
Kven er du?
Du kan vise til utdanning innan relevant fagområde.
Du er forretningsorientert, strukturert, og innehar god økonomiforståelse.
Du har gjerne relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis frå liknande økonomiarbeid, controlling eller revisjon.
God IT og systemkompetanse.
Du er ein person som evnar å setje deg inn i komplekse spørsmål og problem, og du er raskt ute med å finne tilfredsstillande løysingar. Du er like komfortabel med sjølvstendig arbeidsmetodikk, som arbeid i team. Du foretar sunne og rasjonelle vurderingar, og handlar deretter.
Vi er på utkikk etter ein reflektert person som er klar over eigne styrkar og svakheiter, og som søkjer til oss i Serit for å lære meir, samt utvikle seg sjølv både fagleg og personleg.
Vi tilbyr:
Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgde.
Varierte arbeidsoppgåver hjå ei bedrift i sterk vekst, med korte beslutningsprosessar og moglegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag.
Moglegheiter for fagleg utvikling via interne og eksterne kompetanseprogram.
Gode pensjon -og forsikringsvilkår, samt bedriftshelsetenester.
Konkurransedyktig løn.
Firmahytter i utlandet.
Fleksitid.
Internett og arbeidstelefon vert dekka av Serit.
Om dette høyrast interessant ut, eller ein har spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller E-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Informasjon vedrørande søkjarar vert handsama konfidensielt, også ovanfor oppdragsgivar dersom det er eit ynskje.
Om du er klar for å søkje ber vi deg om å signere vår personvernerklæring, den finn du her: https://www.randstad.no/kandidat/registrer-cv/
Informasjon om Randstad sin integritetspolicy finn du her: https://www.randstad.no/integritetspolicy-kandidat/
For å søkje på stillinga trykker du på "søk" høgre side.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Adresse: FIRDAVEGEN 5,6800 Førde