Akasia Valen barnehage ligg nydeleg til med utsikt ut over sjøen. Me har stort uteområde og eigen gymsal. I barnehagen vår er me opptatt av å bruke nærområdet vårt med både skog og sjø. Me har vår eigen lavvo i Hatlane.
I år har me satsningsområdeEg er meg og du er deg og saman er me me.Omgrepa samspel, fellesskap og venskap har me fokus på dette barnehageåret. Hjå oss skal barna oppleva at dei kan finne seg vener og bli inkludert i eit fellesskap.
Førebygging av krenkingar og mobbing ser me på som særs viktig og arbeidet med det er eit tema i arbeidet vårt på fleire områder. Målet vårt er at alle barn skal oppleva å vere ein del av eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø, fritt for mobbing og andre krenkingar.
Akasia Valen barnehage har ein ledig 100% mellombels stilling som barnehagelærar frå 01.03.2020 - 30.06.2020.
Arbeidsoppgåver
- Utøve pedagogisk verksemd i samsvar med føremål, gjeldande bestemmelsar, planar og spesielle vedtak
- Utarbeide planar og dokumentasjon over pedagogisk innhald i samarbeid med dei andre i personalet
- Oppfylling av barn med spesielle behov
- Sikre kvalitet i barna sin kvardag, og fylgje gjeldande planverk
- Leggja til rette for barna sin leik og utvikling, og for eigen og andre si læring
Kvalifikasjonar
- Godkjend Bachelor / treårig barnehagelærarutdanning
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
Personlege egenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Du har høg fagleg bevisstheit og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
- Du har gode evner til å samarbeide, er serviceinnstilt og open
- Du sett barnet sitt beste i fokus og prioriterer barns leik, læring og medverknad
- Du har pågangsmot og trives i eit aktivt og travelt miljø
- Du er open og nytenkjande
- Du er fleksibel og ser løysingar til det beste for barn og vaksne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stillinga.
Øvrig:
Dokumentasjon på formell kompetanse og attestar tar du med på eit eventuelt intervju.
Søknad og CV kan du sende elektronisk via vår rekrutteringsløysing. Alle data blir lagra på din CV-konto, og du kan enkelt logge inn og oppdatere informasjonen når du vil. Me ber deg sjekke informasjonen om deg så nøye som mogeleg for å gje eit riktig bilete av deg sjølv. Dataene blir behandla og lagra i tråd med lov om personopplysing.
Link til søknadsskjema: