<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

IPS jobbspesialist NAV Bergen nord, Arbeidsstad Åsane

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon66 Presentasjon av stillingen:

NAV Bergen nord har ledig to stillingar som IPS jobbspesialist. IPS Bergen har bygd opp ein god kompetanse på Supported Employment (SE) over fleire år. Vi har to team i Bergen. Desse stillingane er knytt opp mot team nord der Bjørgvin DPS og Psykiatrisk klinikk Sandviken er aktuelle behandlingsinstitusjonar. Vi jobbar etter IPS (Individual Placement and Support) metoden, på norsk kalla Individuell Jobbstøtte. I Bergen har vi lang erfaring med IPS-modellen og Supported Employment tilnærminga med svært gode resultat. IPS er ein modell som skal bidra til at menneske, til tross for psykiske helseproblem, kan få og behalde ein jobb.

NAV Bergen nord har no ein fast stilling og eit vikariat ledig som IPS jobbspesialist. Vikariatet varer til 30.04.2021. Jobbspesialistane skal drive aktivt marknadsarbeid, samt sikre samarbeid med aktuelle aktørar som blant anna helsetenesta, fastlegar og utdanning.

Vi søkjer etter ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot som vil jobbe i eit pulserande og nyskapande miljø. Har du trua på at alle menneske kan få og behalde ein vanleg jobb? Har du gode kommunikasjonsferdigheiter og er ein nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vere tydeleg og direkte? Då kan du vere akkurat den personen vi leitar etter.

Arbeidsoppgåver

  • Oppsøkje verksemder, skape dialog med arbeidsgjevarar, og byggje nettverk
  • Tett oppfølging av eigen portefølgje, med mål om å hjelpe til overgang til arbeid
  • Kartleggje brukar sitt arbeidsønskje og utarbeide aktivitetsplan saman med brukar
  • Rettleie jobbsøkjarane i søkeprosessen, samt ute hos arbeidsgivar
  • Arbeide tett opp mot behandlerteam i helse
  • Engasjere og motivere både jobbsøkjar, arbeidsgivar og teammedlemmar

Kvalifikasjonar

  • Minst tre års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå inkluderande arbeid eller rekrutteringsarbeid
  • god kunnskap om individuell jobbstøtte (IPS). Det er ein fordel med operativ erfaring frå Supported Employment (SE)
  • evne til å byggje relasjonar og skape motivasjon
  • god rettleiingskunnskap
  • evne til å byggje nettverk
  • gode kommunikasjons- og forhandlingsferdigheiter

Personlege eigenskapar

Vi ser etter kandidatar som:

  • er inkluderande
  • er motiverande
  • er raus
  • er engasjert
  • er strukturert

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåve i eit kontor med høge ambisjonar
  • Eit godt fagleg miljø som er opptatt av utvikling
  • Gode og inkluderande kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
  • Lønn frå kr. 472 000 - kr. 513 600,- per år i stillingskode 1434 rådgjevar (staten sitt regulativ). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Unni Andersen, Avdelingsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Gerd Johanne Søreide, Einingsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Åsane storsenter 19
5116 Ulset

Søk på stillinga:

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:NAV

Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon66 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 31.01.2020





Om arbeidsgiveren

NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng.  Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/"hol i CV" kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.

CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.

Les mer om NAV Bergen nord, Arbeidsstad Åsane

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker renholdere til deltid og heltid! Er du nøye, pålitelig og liker å holde det rent og ryddig? Vi
28.05.2025 Oslo
Kan du formidle gode historier i digitale kanaler? Har du noen års erfaring som kommunikasjonsrådgiver, er opptatt av smart kommunikasjon
15.06.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
30.05.2025 Oslo
I Norge har det aldri vært satset mer på jernbane enn nå, og dette er et samfunnsansvar som vi i
10.06.2025 Drammen
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål - å sette spor vi er stolte av, som kan
22.06.2025 Flere steder
Om avdelingen Energi har i dag ca,150 engasjerte ansatte, og søker nå etter seksjonsleder til kraftsystem og utredinger for energiforsyning
30.05.2025 Oslo
Vis alle 39.626 ledige stillinger

Fakta om NAV Bergen nord, Arbeidsstad Åsane