Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Sagatun er ein 1-10 skule som ligg midt i Balestrand sentrum. Skulen har 124 elevar og om lag 25 tilsette. Omlag 30% av elevane er fleirspråklege og dei er godt integrerte i klassane og i bygdemiljøet. Sagatun skule ligg like ved Sygna vgs som er ein internatskule, musikkbingen, idrettsbana i Balestrand og idrettshallen Belehalli. Like ved skulen er store skog- og fjellområde med gode høve for friluftsliv og uteaktivitetar. Skulen har gode resultat i gjennomsnitt /grunnskulepoeng og i elevundersøkingar. Dei siste åra har skulen delteke i Læringsmiljøprosjektet mot mobbing og utestenging av elevar. Det er digitale tavler i alle klasserom og alle elevane har kvar si datamaskin på skulen. Skulen har godt kvalifiserte lærarar som har arbeida ved Sagatun skule i mange år. Nye lærarar er hjarteleg velkomne!
Ledig fast lærarstilling i 45 % og vikariat opp til 18+ % stilling for deler av skuleåret / heileskuleåret 2020 / 2021
Kvalifikasjonar:
• Det vert stilt krav om godkjend utdanning som lærar (1-7 / 5-10 /allmennlærar/PPU).
• Prioriterte fag: Kroppsøving, fysisk aktivitet og helse, basisfaga, spes. ped., særskild norskopplæring og to -- språkleg opplæring.
• Kontaktlærar
Personlege eigenskapar:
Ein legg vekt på personlege eigenskapar som evne til å skape gode relasjonar mellom elevar, foreldre og kollegaer, god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne, godt humør, fleksibilitet, evne til samarbeid og nytenking.
Me tilbyr:
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar
Menn vert særskilt oppmoda om å søkja for å oppretthalda ein tilfredsstillande balanse mellom kvinner og menn i skule- og SFO-tilbodet vårt.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.
Kontaktperson for stillinga er Rut Solveig Nydal Netland mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Link til søknadsskjema:For mer informasjon kontakt: , Rut Solveig Nydal Netland , Mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon