Deltidsstillingahar ein stillingsgrad på 20%, og går inn i turnus med arbeid på dagtid, ettermiddag/kveld og annakvar laurdag. Det vil bli høve til meirtimar ved høgsesongar og feriar eller ved anna fråvær i butikken.
Arbeidsoppgåvene dine blir:
- Kundehandsaming
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Post i butikk og Norsk Tipping
- Førefallande reinhald og rydding
Kva forventar vi av deg:
At du er motivert, engasjert og hjelpsam. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du byr på deg sjølv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.
Kva kan vi tilby:
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og dekkast av våre forsikringsavtalar. Me har rabattavtalar for tilsette.
Interessert?
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Malin Hovland på tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon
Søknad og CV registrerast på: www.jobbdirekte.no
Søknadsfrist: 1. juli 2020
Adresse: ØYRAPLASSEN 2,6887 Lærdal