Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon30 Presentasjon av stillingen:
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Sølsnes-Åfarnes.
Per i dag er det MF Lifjord som trafikkerer sambandet, men fra medio september er det vår flotte nye el-ferge MF Eresfjord som tar over.
Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
Søkar må bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med famileliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- Gode kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Grete Ryland Grotle, Bemanningskoordinator, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
6456 Sølsnes
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon30
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2020