<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Undervisningsstillingar i Voss herad frå 1.8.2021 Voss herad

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Voss herad søkjer engasjerte lærarar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i Vossaskulen.
Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla Vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut
frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

Tilsettingsprosess

Dette er ei felles lysing for alle skulane i heradet. Dersom du ynskjer å arbeida på ein spesiell skule, må du presisera det i søknaden din.

Om arbeidsgjevar

Voss herad har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for
utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad har om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.

Det er 11 skular i heradet. Vossaskulen er oppteken av å skapa kvalitet i alle ledd. Me har eit pågåande prosjekt innan digitalisering og inkluderande barnehage og skulemiljø. Det vert arbeidd målretta, grundig og langsiktig innanfor kunnskapsbaserte innsatsområde, der det vert lagt vekt på å utvikla den kollektive læringskulturen.
Me har høge ambisjonar for skulane våre.

Om tenestestadane

Gå inn på https://voss.herad.no/tenester/barn-og-familie/skule/skulane-i-voss-herad/ for å finne nærmare opplysningar om våre 8 barneskular, 2 kombinert barne - og ungdomsskular og 1 ungdomsskule.

Arbeidsoppgåver

  • Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • Sørga for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Vere ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Samarbeid med føresette og andre faginstansar

Utdanning og kvalifikasjonar

  • Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Det er særleg ynskjeleg med kompetanse for undervisning 1-7 og/eller kompetanse i basisfaga
  • Det er også ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar

Personlege eigenskapar

  • Du har et stort engasjement for elevane si læring
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

Me tilbyr

  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Kontaktlærartillegg frå kr 25 800 til 30 800

Søknad

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.




Adresse: Kommunalavdeling oppvekst

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!

Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.

Les mer om Voss herad

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Nor Tekstil er landets ledende leverandør av tekstiltjenester med 26 industrivaskerier lokalisert fra nord til sør, med til sammen ca.
09.06.2025 Skien
Vil du jobbe i, og lede et dyktig Azure-team og forme fremtidens skyplattformer – samtidig som du selv vokser som
15.06.2025 Stavanger
Er du motivert for en dynamisk, utfordrende og givende karriere innen informasjonssikkerhet? Cegal er et av de mest spennende, raskt
13.06.2025 Flere steder
Ønsker du en variert og spennende rolle innen byggenæringen?
01.06.2025 Oslo
Vil du være med på reisen mot en mer bærekraftig byggenæring?
01.06.2025 Bergen
Teknisk avdeling I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
01.06.2025 Flere steder
Vil du jobbe med systemer for kartbasert vegdrift? Vi søker en ny kollega som skal hjelpe kunder på løsningen ISY Road,
05.06.2025 Flere steder
Bravida søker etter avdelingsleder for avdeling Bodø VVS. Avdelingen har ca. 35 medarbeidere og en omsetning på ca. 60 millioner
30.05.2025 Bodø
Vis alle 39.216 ledige stillinger

Fakta om Voss herad