Vil du jobbe med bygdeutvikling i fjellbygda Lom?
Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000-meterstoppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet, skapar eit spennande landsbypreg.
Lom kommune ynskjer å styrke innsatsen innan næring- og tilflyttingsarbeidet, og lyser ut ei toårig prosjektstilling med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
Sentrale oppgåver er dialog og oppfølging av lokalt næringsliv, omdømmebygging og informasjonsarbeid, prosjektoppfølging og nettverksbygging.
Du vil jobbe tett saman med våre eksisterande ressursar, mellom anna næringssjefen og landbrukskontoret.
Arbeidsfeltet er breitt, og du må like høgt tempo og mange oppgåver parallelt.
I gjennomføringsplanen for næring- og tilflyttingsarbeid kan du få meir innblikk i arbeidsoppgåver og satsingsområde, sjå https://www.lom.kommune.no/tenester/naringsliv-og-landbruk/aktuelt/utkast-til-gjennomforingsplan-pa-naring-og-tilflytting-2022.57093.aspx
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- tykkjer bygdeutvikling er spennande og givande arbeid.
- er serviceorientert og har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel.
Det er og ein fordel om du kan vise til:
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, til dømes innanfor innovasjon, entreprenørskap, prosjektstyring, merkevarebygging eller bedriftsøkonomi
- praktisk erfaring, gjerne frå privat sektor
- kjennskap om Lom, Nord-Gudbrandsdalen og lokalt næringsliv
Vi vil gjerne ha deg på plass så fort som mogleg, men har tid til å vente på riktig person. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass med eit breitt og godt fagmiljø. Administrasjonsmål er nynorsk, arbeidsplassen er Lom.
Løn etter avtale.
Er dette noko for deg?
Da vil vi gjerne høyre frå deg!
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.
Velkomen til Lom nasjonalparklandsby!
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon