Fagskolen Vestland søkjer etter ingeniør til undervisningsstilling innan studieretninga Bygg og KEM
Vi ynskjer primært søkjarar med bakgrunn frå VVS faget med erfaring som prosjektledere eller tilsvarande. Søkjar bør ha erfaring med planlegging og prosjektering , samt kjennskap til programvare som nyttast ved prosjektering av VVS (dette vere seg Revit o.l.).
Kven er vi?Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Fagskoleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.Fagskolen Vestland er ein av landets største fagskolar og gir tilbod til omlag 1700 studentar. Vi er omlag 130 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet.
Arbeidsoppgåver
Undervisning innan fagområdet Klima, energi og miljø (KEM) nettklassar. Undervisninga kombinerer praktisk og teoretisk undervisning
Vidareutvikling av utdanningstilbodet, emne og tema i samarbeid med kollegaer, skolens leing og anna næringsliv
Samarbeid i utdanninga med andre lærarar, leiinga og anna næringsliv
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jf. "Lov om høyere yrkesfaglig utdanning" Minimum bachelor innan fagområde Bygg, maskin og KEM.Fagskole og lang relevant yrkeserfaring kan kompensere for minimumskrav til bachelorutdanningØnskjeleg med pedagogisk utdanningFor søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjingØnskjeleg med digital kompetanse innenfor tegning og prosjektering av VVS anlegg.
Personlege eigenskapar
Strukturert
Sjølvstendig
AnsvarsbevisstEntusiastiskGode formidlingsevnerEvne til å motivere og engasjere studentar til gode læringsøkterEvne til å bidra til at studentar får oppleve eit tett samarbeid med arbeidslivetEvne til å utvikle digital undervisningEvne til å skape gode relasjonar med studentar og kollegaerEvne til å kombinera praktisk og teoretisk utdanning
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjons ordningar
Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Atle Østrem, Utdanningsleiar ,
Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Torbjørn Mjelstad, rektor ,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Haugeveien 28
5005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon13Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 07.07.2022