Vi har inntil 9 ledige lærarstillingar på Florø ungdomsskule frå og med skuleåret 2023/2024.
Inntil 5 av stillingane vil være faste.
Arbeidsoppgåver
Norsk (60 studiepoeng), engelsk (60 studiepoeng), matematikk (60 studiepoeng), naturfag (30 studiepoeng), samfunnsfag (30 studiepoeng), KRLE (30 studiepoeng), kroppsøving, K&H, musikk, eventuelt framandspråk.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse innafor dei aktuelle fagområda på ungdomstrinnet, relevant praksis og erfaring.
Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet.
Interesse for kollektiv profesjonsutvikling.
- Evne til å vere ein god klasseleiar- Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer- Evne til å kunne samarbeide og vilje til å dele- Evne til å ta initiativ og til å bruke handlingsrommet innafor lovverket og skulen sine reglar- Endrings - og utviklingsorientert- Evne til å inspirere og motivere
Det er ønskjeleg at søkarar fyller krav til kompetanse for undervisning etter ny kompetanseforskrift.
Det er forventa at søkarar har god IT-kompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som har engasjement til å skape gode faglege og sosiale lærings- og utviklingsvilkår for barn og ungdom. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, og trivs i eit miljø som gjev deg høve til dette. Du vil vere med på å utvikle god klasseleiing med inkludering som hovedfokus, bruk av teknologi i læring og god vurderingspraksis.
Vi tilbyr
Løn etter tariff og lokalt kompetanselønssystem, inntil kr.24.000,-. Kinn kommune har kontaktlærargodtgjersle, på kr. 35.000,- for dei som har den funksjonen. Pensjonsordning i SPK. Startpakke, coaching og rettleiing for nytilsette. Vi er med i lokalt og regionalt nettverksarbeid .
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor Florø Ungdomsskule,
Logg inn for å se kontaktinformasjonNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon68
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 01.03.2023
Logg inn for å se kontaktinformasjon