Stend vidaregåande
skule har om lag 550 elevar innan idrettsfag, naturbruk,
service og samferdsel, allmennfagleg påbygg og klasser med redusert elevtal.
Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 190 tilsette.
Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og
studietilbodet slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg.
Utdanningsprogram for idrettsfag har ein sentral plass i utdanningstilbodet
på Stend. Den teoretiske undervisninga går føre seg i moderne lokalar og mesteparten av
dei praktiske timane vert gjennomført i Bjarghallen og omliggande område.
På grunn av permisjon søkjer vi;
Arbeidsoppgåver
Stillinga er 100% vikariat innan kroppsøving og idrettsfag frå 03.01.24 - 31.12.24
Undervisninga vil i hovudsak være på idrettsfag og i kroppsøving. Undervisninga i kroppsøving vil være på ulike elevgrupper med ulike tilretteleggingsbehov.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:
- Høgare idrettsutdanning og forttrinnsvis master innan idrett.
- Søkjarane bør vera allsidige innan fleire idrettar og aktiviteter, med fordjuping innan to eller fleire av; basistrening, fitness, dans, ballidretter eller turn. - Søkjarane bør ha kompetanse på tilrettelagt undervisning i kroppsøving for elever med spesielle behov. - Kompetanse til å undervise i teoretiske fag som «idrett og samfunn» og «treningslære» på alle trinn. - Kompetanse innan friluftsliv i ulike miljø.- Stå på vilje
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein utadvent, sjølvstendig og samarbeidsvillig person som ønskjer å vera med i det idrettsfaglege teamet for idrettsfag og kroppsøving, som tar mål av seg til å være eit av dei mest attraktive i landet.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk for miljøarbeiarar i Vestland Fylkeskommune
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.Andre opplysningar:Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattestVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Rune Lindgren, avdelingsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Fanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon94
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.01.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 22.10.2023
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon