Vil du bli vår nye kollega?
Barneverntenesta i Kvam har ledig 100 % vikariat i eit år som barnevernkonsulent. Stillinga er ledig frå 01.03.2024, eller etter avtale.
Barnevernet er organisert i Eining for oppvekst og lokalisert i nye lokale ved rådhuset i Norheimsund saman med PPT, Familiesenteret, Leiar for helsestasjon- og skulehelseteneste og fysioterapiteneste for barn og unge. Me er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats) og har over tid hatt fokus på tidleg innsats og samarbeid mellom tenestene. Barn, ungdom og familiar skal møta eit samordna og godt tverrfagleg tenestetilbod. Målet er å skapa trivsel og god helse hos barn, unge og deira familiar. Barneverntenesta skal ivareta barn og familiar i ein sårbar situasjon og det er derfor viktig at alle blir møtt med omsorg, respekt og heilskapleg tenking. Barneverntenesta deltek i interkommunale prosjekt kring fosterheimsarbeid og konfliktarbeid.
Barneverntenesta har 10 tilsette, fordelt på 9,3 stillingar. Me har fleire dyktige og stabile barnevernkonsulenter hos oss. Tenesta er organisert etter generalistmodell.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter Lov om barneverntjenester
- Samtalar med barn, ungdom og vaksne
- Undersøkingar og utgreiingar
- Planarbeid
- Dokumentering av saksarbeid og vurderingar
- Iverksetting, oppfølging og evaluering av hjelpetiltak
- Førebu saker til fylkesnemnda
- Oppfølging av barn som er flytta ut av heimen
- Inititativ til tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid og oppfølging av oppdragstakarar
Kvalifikasjonar
- Barnevernspedagog, sosionom eller annan relevant høgskuleutdanning
- Relevant vidareutdanning innan barnevernfaglege tema eller familieterapi er ønskeleg
- Ønskjeleg med erfaring frå 1. linje barnevern
- God skriftleg framstillingsevne
- Gode kommunikasjonsevner
- Du må ha førarkort. Høve til å disponera eigen bil er ein fordel.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest jf. Forskrift av 15.10.99 til lov om barnevernstjenester av 17
juli 1992 nr 100 § 6-10 siste ledd.
Personlege eigenskapar
- Evne til å gjere barnevernfaglege vurderingar
- Er ansvarsfull, tydeleg og engasjert og bidrar positivt i høve tverrfagleg utviklingsarbeid
- Evne til å byggja relasjonar med barn og vaksne
- Evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- Ha god arbeidskapasitet og ei strukturert og ryddig arbeidsform
- Vera fleksibel i å ta ulike oppgåver og snu deg om når jobben krever det.
- Vera godt personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med vektlegging på utviklingsarbeid i ei framtidsretta barnevernteneste
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Vekentleg saksrettleiing og grupperettleiing frå ekstern rettleiar
- Blide og engasjerte medarbeidarar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Rekrutteringstillegg kr 35 000 pr år for å styrka rekruttering og behalda kompetanse i barnevernet
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Kjersti Kloløck, Barnevernleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon63
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2024
Sluttdato: 28.02.2025
Søknadsfrist: 21.01.2024
Logg inn for å se kontaktinformasjon