Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi har også ansvar for Senter for friskliv og frivilligheit. Vi er i alt 45 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen. Vi jobbar på dagtid mellom 08:00-15:30.
Vi i Aktivitetseininga har behov for fleire engasjerte tilsette i eininga vår.
Vi har ledig følgande stilling:
Stilling 1:
- 40 % fast tilsetting knytt til utegruppene ved Førde Ressurssenter
- 60 % fast stilling knytt til oppfølging av enkelt deltakarar ved ulike avdelingar i Aktivitetseininga, i hovudsak i Førde
Desse stillingane kan kombinerast.
Vi ser etter ein engasjert medarbeidarar på «utegruppa» vår i Førde. Utegruppa arbeider i all hovudsak med ved- og tennbrikettproduksjon, køyreoppdrag, bossplukking, planting og mindre snikkararbeid.
Fokuset på ein til ein gruppene er å skape meiningsfulle dagar for våre brukarar.
For å jobbe hos oss treng ein å vere kreativ og iderik i høve gode jobbar som brukarane våre kan gjere. Det krevst og at ein har god gjennomføringsevne frå ide til ferdig jobb.
Stilling 2:
- 40-50 % fast stilling knytt til aktivitet i Omsorgssenter på Sande og i Førde
Vi ser etter ein kreativ person som kan bidra til at bebuarane på omsorgssentera våre kan få oppleve meiningsfylte dagar. Hovudoppgåva vil vere å ta ansvar for planlegging og gjennomføring av målretta felles og individuelle aktivitetar på omsorgssentera.Det er berre den tilsette og brukarane sine evner, kunnskap og kreativitet som set rammer for kva ein kan gjere.Som Aktivitør i Omsorgssenter samarbeidar du tett med dei tilsette på omsorgssenteret.
Stilling 3:
- ringevikarar til alle tilboda våre i Aktivitetseininga
Kvalifikasjonar:
- helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning og/eller fagarbeidar som mellom anna aktivitør, tømrar, mekanikar eller helsefagarbeidar. Andre med relevante utdanningar og erfaringar kan og søke.
- førarkort klasse B
- god IKT- kompetanse
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- godkjent politiattest
Vi søker deg som:
- er kreativ og glad i menneske
- har god arbeidskapasitet, og kan handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåve
- er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
- er fleksibel, har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg
- har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
- er fagleg trygg og flink til å samarbeide med andre
- har erfaring frå fagfeltet
Vi kan tilby:
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i kommunen
- lønn etter kommunal tariff
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Dei ulike stillingane kan ha ulik startdato. Dette blir avtalt nærmare i intervju.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema:
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon