Helse Fonna tilbyr økonomisk støtte til studentar under utdanning til Master i klinisk sjukepleie - operasjonssjukepleie fra hausten 2026. Denne utdanninga er eit masterløp over 4 semestre, men me gjer merksam på at me berre gir lønn til fullført kvalifikasjon som operasjonssjukepleiar (3 semestre).
Dersom du har søkt studieplass til Master i klinisk sjukepleie - operasjonssjukepleie, kan du søke på desse utdanningsstillingane.
For å få støtte må du:* Ha studieplass ved aktuell utdanning.* Stå til disposisjon for føretaket som ferievikar i 4 veker sommaren 2026 i 100 % stilling. Avlønning som sjukepleiar.* Arbeide 10% stilling i føretaket under utdanninga, knytt til helg. Avlønning som sjukepleiar. * Sjukehuserfaring og eit tilsettforhold i Helse Fonna er ein fordel i prioriteringa, men det er mogeleg å søkje om utdanningsstilling og for eksterne.* Etter fullført studie er det 3 års bindingstid i 100% stilling. Arbeidsgjevar har styringsrett over denne. Bindingstiden er knytt til Haugesund eller Stord sjukehus.Du finn mer informasjon om avtalen som blir tilbudt i Personalhandboka.
Vi tilbyr
- Studenten blir gitt permisjon frå den faste stillinga si, og mottek under utdanninga lønn tilsvarende 90 % av minstelønn. Den faste stillinga blir flytt til Bemanningssenteret i studieperioden.
Kontaktinformasjon
Ingrid Hovden Stava, Rådgjevar, Utdanning og kompetanseavdeling HR, Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 31.03.2025
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon