Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Som energimontør i Sunnfjord Energi si nettavdeling vil du jobbe i team med oppgåver innan bygging og vedlikehald av linjenettet i vårt forsyningsområde, så vel på lågspent som på høgspent anlegg. Deltaking i vaktordning og brannberedskap kan bli aktuelt etter kvart.
Vi søkjer deg som har fagbrev som energimontør. Sertifikat for bil er eit krav. Av omsyn til tryggleik er det naudsynt å kunne forstå og snakke godt norsk. Elles stiller arbeidet krav til at du er omgjengeleg og at du kan jobbe sjølvstendig. I denne stillinga er det og viktig at du er systematisk og ansvarsbevisst.
Vi skal styrke bemanninga i ytre områder som Fjaler, Hyllestad og Solund, og av omsyn til beredskap er det ei føremon at du bur i område du skal jobbe i.
Sunnfjord Energi har eit godt arbeidsmiljø, ryddige tilsetjingsforhold og gode velferdsordningar som offentleg tenestepensjon, personalforsikring, bedriftshytter, bedriftsidrettslag, trimrom, kantine m.m.
For meir informasjon om stillinga kan du vende deg til nettsjef Oddvar Hatlem, tlf. 952 53 943.
Send søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar til jobb@sunnfjordenergi.no innan 4. juni 2014
Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft som står for utbygging og vedlikehald av strømnett, produksjon av fornybar energi frå vasskraftverk og sal og omsetning av kraft. Vårt forsyningsområde er sju kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn.
Hovudkontoret ligg i Førde, og vi har montørbaser i Fjaler, Hyllestad, Solund og Kyrkjebø. Våre verdiar vert spegla i begrepa "Smidig, driftig og moderne". Selskapet ligg i forkant i bransjen når det gjeld modernisering, og arbeider etter filosofien LEAN.
Ønskjer du ein variert og utfordrande jobb? Vi søkjer no
Les mer om
Sunnfjord Energi
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.