Psykologspesialist - Kronstad DPS
Årstad almennpoliklinikk er del av Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) i Divisjon Psykisk helsevern, Helse Bergen. Kronstad DPS har ansvar for 3 bydelar i Bergen; Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. I mai 2013 ble all aktivitet samlokalisert i eit nytt, flott og moderne bygg på Danmarksplass.
Allmennpoliklinikk Årstad dekker i dag bydelane Årstad og Ytrebygda. Poliklinikken er ein godt bemanna poliklinikk med god fagleg breidde. For tida har poliklinikken 3,5 overlegar, 1 lege i spesialisering, 9 psykologspesialistar, 4 psykologar, 2 psykiatriske sjukepleiarar og 1 klinisk sosionom.
Poliklinikken har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi, emosjonsfokusert terapi, mentaliseringsbasert terapi, mindfulnessbasert kognitiv terapi, i tillegg til at fleire medarbeidarar har videreutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar. Poliklinikken har også fleire tilsette med forskingskompetanse.
Vi søker fagleg engasjert medarbeidar som ønsker å vere med og vidareutvikle dei polikliniske tenestene i Kronstad DPS.
Arbeidsoppgåver- Hovudoppgåver vil vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breit spekter av ulike psykiske lidingar.
- Den som blir tilsett vil også måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovedbehandlar ikkje er spesialist. Ho eller han må også pårekne rettleiing av psykologar i spesialisering og tidvis også psykologstudentar i praksis.
- Polikliniske tenestar innan psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga.
- Samarbeid med øvrige deler av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skole og/eller arbeidsgjevarar i nokre tilfelle.
Kvalifikasjonar- Det er sterkt ønskeleg med erfaring frå poliklinisk arbeid innan psykisk helsevern, då særskild med pasientar med allmennpsykiatriske vanskar og lidingar.
Utdanningsretning- Psykologi
- Utdanningstittel: Cand. psychol.
UtdanningsnivåPersonlege eigenskapar- Den som blir tilsett må ha gode evner til samarbeid. Ho eller han må kunne bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team sees som særs viktig.
- Me jobbar tverrfagleg og den som vert tilsett må trivst med dette. Vi ønsker oss ein engasjert og fleksibel kollega som også kan være tydeleg når det trengst.
- Den som blir tilsett må etter ein helhetsvurdering vere skikka til stillinga.
SpråkVi tilbyr- Ved poliklinikken har vi eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer. Vi arbeidar målretta og konkret med einskilde sider av det psykososiale arbeidsmiljøet, så vel som innanfor andre deler av HMS feltet. Det er særs viktig for oss å ha dyktige medarbeidarar som klarer å utføre arbeidsoppgåvene sine på ein slik måte at så vel poliklinikken som DPSet totalt sett klarer å levere i henhald til dei krav som blir stilte til oss frå myndigheiter og helseføretak, samstundes som medarbeidarane trivst på jobb.
- Vi ønsker eit høgt fagleg nivå bland dei tilsette. Dette søker vi å leggje til rette for mellom anna ved at alle medarbeidarar som ikkje er spesialistar får lagt til rette for spesialisering. Vi jobbar også aktivt og kontinuerleg med kompetanseutvikling både hjå den enkelte medarbeidar og på systemnivå i poliklinikken/DPSet.
- Særs mange av arbeidsoppgåvene er utfordrande og spennande, somme også krevjande og vanskelege. Vi legg derfor vekt på at også spesialistane skal ha moglegheit for å drøfte utfordringar og vanskar dei står overfor med gode kollegaer anten på teammøtane eller på spesialistveiledning med ein erfaren spesialist i klinisk psykologi som jamnleg besøker poliklinikken for slik rettleiing av spesialistar.
- Vi vil også tilby løn etter avtale innanfor rammene av det som er vanleg for psykologspesialistar
Andre opplysningar- Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd
Arbeidssted:Fjøsangerveien 36, 5021 Bergen
Kontaktinfo:Per Birkhaug, Seksjonsleiar, (+47) 55956000
Stig-Arthur Didriksen, Avdelingsjef, (+47) 55956000
Lars Onsrud, Klinikkoverlege, (+47) 55956000
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2507065218
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]