Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Me søkjer Me søkjer etter 2 fastlegar ved Sandtangen legesenter.
Om arbeidsplassen Sandtangen legesenter ligg sentralt plassert på Bryne i Time kommune. Legesenteret ligg i moderne og funksjonelle lokale og husar 6 fastlegar og turnuslege. Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem er Winmed 2 knytt opp mot Norsk Helsenett. Velutstyrt og veldrive legesenter med eiga skiftestove og laboratorium. Medarbeidarar er sjukepleiarar og bioingeniør. Stabilt kollegium.
Om arbeidsoppgåvene LEDIG FASTLEGE-HEIMEL Noverande fastlege går av med pensjon, og heimelen vert ledig frå 1.juni 2016. Listestorleik 1200. Det er for tida ingen kommunale oppgåver knytt til heimelen, med ved behov kan ein bli plikta inntil 7,5 timar per veke.
LEDIG FASTLEGE-HEIMEL ( DELELISTE) Noverande fastlege ynskjer å trappe ned og vi lyser difor ut deleliste.Denne vil vere ledig frå 1.april 2016 eller etter avtale. Listestorleik 1200 (for tida 1236 pasientar tilknytt lista). Det har tidlegare vore knytt arbeid som helsestasjonslege i bistilling til delelista. Dette kan bli aktuelt også i fortsettinga.
Felles for begge heimlane:
- Legevakt 24-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og i tidsrommet 08-23 i helger - Nattevakter ved Interkommunal legevakt på Sandnes, omlag 60-delt kl 23-08. - Krav om norsk autorisasjon og gjennomført turnusteneste - Gode norsk-ferdigheiter, både munnleg og skriftleg - Politi-attest, ikkje eldre enn 3 månader skal leggast ved søknad. - Økonomiske vilkår ved overdraging etter avtale med avtroppande legar. - Privatpraksis
Kvalifikasjonar Medisinsk embedseksamen
Andre krav Det vert krevd politiattest
Elektronisk søknadsprosess Time kommune nyttarelektronisk søknadsprosessDet er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Søknadsfrist 16.02.2016 Utlyst dato 12.01.2016 Vårref 751
Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur. Time kommune har om lag 17 900 innbyggjarar. I Brynebyen bur det ca. 10 000 innbyggjarar og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Egersund
Les mer om
Sandtangen legesenter
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.
Vi utvider våre team i Drammen/Hokksund/Kongsberg, og søker energimontører! Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Vi
StillingCOWI er et internasjonalt rådgivende ingeniørselskap med rundt 1200 medarbeidere i Norge og regnes som ledende aktør innen samferdselssektoren. Transport