Fast stilling politibetjent 3,2,1 for tida ved Førde og Naustdal lensmannskontor - Driftseining Sunnfjord
Ved internt opprykk eller ved andre endringar vil det frå snarast bli ledig ein fast stilling som:
Politibetjent 3 sko 1461 LR 43, politibetjent 2 sko 1460 LR42, politibetjent 1 sko 1458 LR41 i Driftseining Sunnfjord, – for tida i som etterforskar i teamet for seksualisert vald, SO-teamet, med oppmøte ved Førde og Naustdal lensmannsdistrikt.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna 6 månadar prøvetid. Søkjar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstyrken skal spegle samansetjinga i befolkninga, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Personar med minoritetsbakgrunn, oppmodast særskilt til å søkje stillinga.
Søkjar må ha god helse og må eventuelt leggje fram helseattest på førespurnad, jf aml§9-3. Vilkår lagt til stillinga som politibetjent 3- 1 er at ein årleg kan gjennomføre og bestå operativ godkjenning, minimum IP4, og delta i politioperativ teneste ved behov eller etter tilpassa turnus.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta attestar og vitnemål må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjerlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. offl. §25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking av alle saker som til ein kvar tid er tillagt SO-teamet
- Til stillinga kan det blii lagt spesialoppgåver og / eller oppdrag ut frå kompetanse eller behov.
- Dagleg arbeidsområde vil vera innan heile Driftseining Sunnfjord, sekundært heile politidistriktet.
- For stillinga som politibetjent 3- 1 kan andre arbeidsoppgåver vera vakt/beredskap i turnus, ordensteneste og generell etterforsking.
Kvalifikasjonar- Bestått eksamen frå politiskole / politihøgskole
- For tilsetjing som pb3 eller pb2 må kompetansekriteria for desse stillingane vere oppfylt
- Erfaring frå etterforsking av SO-saker er eit føremon
- Må ha gjennomført "KREATIV" avhøyrskurs eller ha vilje til å få kompetansen
- Spesialutdanning/kurs innan fagområdet er ein fordel / må ein vera villig til å ta
- Operativ godkjenning, eller at slik prøve kan gjennomførast
- Ha kompetansebevis utrykningskøyring, eller at ein kan bli godkjent
- Gode datakunnskapar og kunnskap om politiet sitt datasystem
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Utdanningsnivå- Politiskule/Politihøgskule
Personlege eigenskapar- Vere tett på, modig, heilheitsorientert og vise respekt.
- Ha engasjement og interesse for fagområdet
- Initiativrik, handlekraftig og ansvarsbevisst
- vere fleksibel, og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vere resultat- og løysingsorientert
- Vere ryddig og strukturert.
- Publikumsorientert og serviceinnstilt
Arbeidssted:Fjellvegen 18, 6800 Førde
Kontaktinfo:Magne Faleide, Fung driftseiningsleiar, 90132307
Linda Åmelfot, Politioverbetjent, 95077737
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Politiet, Vest politidistrikt
Ref. nr.: 201600356
Stillingsbrøk: 100%%
Heiltid
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 14.03.2016
Adresse: Fjellvegen 18 6800 FØRDE