Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Accountor Nordfjordeid søkjer: Autorisert rekneskapsførar med oppdragsansvar Ser du etter ei stilling der du kan utvikle deg - og ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Ønskjer du å jobbe i lag med kjekke og høgst kompetente kollegaer på Nordfjordeid?
Vi kan bidra med dette, dersom du har følgande profil:
Din bakgrunn - Økonomiutdanning - med fokus på rekneskapsfag, gjerne bachelor innan fag som gjer det mogleg å bli autorisert rekneskapsførar - Erfaring frå byrå - Du har erfaring med løpande rekneskapsføring og avstemming på eit sjølvstendig nivå - Det er ein fordel om du òg har erfaring med årsavslutning - Du har erfaring med Duett og Poweroffice - Du har erfaring med å jobbe med større og komplekse kundar
Dine personlege eigenskapar - Du har dei personlege eigenskapane som gjer deg til ein god rekneskapsførar - har orden og er nøyaktig, logisk sans og evne til å sjå samanhengar - Det er naturleg for deg at du tek ansvar for heile arbeidsprosessen og at du arbeider sjølvstendig - Du kommuniserer godt og tydeleg - Du er opptatt av kundane og trivs med kundekontakt - Du er serviceinnstilt og positiv
Dine arbeidsoppgåver - Rekneskap A-Å - Fakturakontroll - Balanseavstemming - Månadsrapportering og årsoppgjer - Periodevis innrapportering av avgifter og skatt - Økonomisk rådgjeving - Oppdragsansvarleg for eigne kundar
Vi tilbyr deg - 100 % stilling i et autorisert rekneskapsførarselskap som leverer totaltenester innanfor økonomi og rekneskap - Ansvar og delansvar for klientar av ulik størrelse og kompleksitet - Moglegheit for å utvikle deg innan utfordrande bransjar - Fagleg utvikling gjennom interne og eksterne kurs, godt fagleg og sosialt miljø - Stor grad av fleksibilitet og fridom under ansvar - Konkurransedyktige vilkår og gode personalordningar - For rette vedkomande kan det vere sjansar for utvikling både ved vårt kontor lokalt og konsernet generelt.
Kontakt Sverre Solibakke på telefon 907 81 689 eller epostsverre.solibakke@accountor.nodersom du har spørsmål om stillinga.
Søknadsfrist: Vi går gjennom innkomne søknader fortløpande
Vi i Accountor arbeider med mennesker - ikke bare med tall.
Fra1+ - 5 år arbeidserfaringTil10+ år arbeidserfaring
Bachelorgrad eller tilsvarendeMastergrad eller høyere
Ikke oppgitt
Om arbeidsgiveren
Accountor er det største selskapet i Nord-Europa innan økonomi- og rådgjevingstenester. Vi ønskjer å vere nær kundane våre og investere i framtida deira. I Norge finn du oss på 75 ulike stader. Vi har kontor på Nordfjordeid med avdeling på Bryggja, i Selje og Måløy, og har totalt 18 tilsette. Vi skal vere best på automatisering, kostnadsreduksjon og fornøgde kundar.
Les mer om
Accountor Nordfjordeid
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.