Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Har du lyst på ein spennande jobb? Vi søker etter marknadsrådgjevar. Har du erfaring frå rådgjevande sal og kompetanse innan marknadskommunkasjon stiller du sterkt, men det treng ikkje vere avgjerande.
Vi jaktar på den rette personen som er glad i utfordringar og som er framoverlent. Du vil jobbe med sterke merkevarer i eit engasjerande og framtidsretta fagmiljø.
Arbeidsoppgaver: - Marknadsrådgjeving, kommunikasjon og sal av reklame både for Fjordenes Tidende og Nordfjordsamkøyringa. - Medierådgjeving til eksisterande- og nye kundar. - Vere aktiv og synleg i marknaden.
Ønskte Kvalifikasjonar: - Du har erfaring frå sal. - Du har digital forståing. - Du er ein lagspelar som også kan jobbe sjølvstendig. - Du er analytisk og strukturert. - Du er målbevisst og blir motivert av gode resultat. - Du trivst i tett dialog med marknaden. - Du er ein sterk relasjonsbyggar og tenker langsiktig.
Vi tilbyr: Gode moglegheiter for eigenutvikling der du vil vere med på å styrke Fjordenes Tidende og Nordfjordsamkøyringa sin posisjon.
Du vil få kontor i Måløy. Tiltredning og lønn etter avtale.
Ta kontakt med marknadssjef Rune Henden, tlf. 454 45 244 for meir informasjon om stillinga.
Send søknad og CV på e-post til rune.henden@fjt.no
Fjordenes Tidende er den største mediebedrifta i Nordfjord og formidlar nyheiter, underhaldning og reklame. Vi samarbeider også med dei tre andre avisene i Nordfjord, Fjordingen, Fjordabladet og Firda Tidend om marknadsaktivitetar gjennom Nordfjordsamkøyringa.
Les mer om
Fjordenes Tidende
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.