Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon99 Presentasjon av stillingen:
Er du lei av turnus? Er du den kollegaane kjem til med store og små problem i pasientjournal-programmet? Kanskje du er klar for eit naturleg beiteskifte?
Som konsulent ved Kundesenteret gir du telefonsupport til alle brukarar av Elektronisk PasientJournal (DIPS) i Helse Vest. Oppdraga kjem inn via telefon, og web. Målsettinga og fokuset vårt er å svare minst 80% av samtalane innan eitt minutt, og alle web-skjema innan éin time. Kundesenteret er ein høgkompetent servicedesk som løyser to av tre oppdrag ved fyrste kontakt.
Vi ynskjer både helsepersonell med interesse for IT, så vel som IT-faglege søkarar til desse stillingane, då fyrstehandskjennskap til DIPS er ein stor fordel.
Den fyrste tida i jobben vil gå til grunnleggjande opplæring i vårt kundesenter, med målsetnad om tittelen "superbrukar i DIPS". Med andre ord er det ikkje eit krav om høg datakompetanse, men meir at du trivast i programvara du skal supportere.
Arbeidstid mellom 07:00 - 16:00
Søknadar utan vitnemål eller attestar vert ikkje vurderte
Arbeidsoppgåver
- Assistanse til brukarar per telefon og e-post
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn, og brukarerfaring frå DIPS er sterkt ynskt
- Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt per telefon
- Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Helsesekretær
- Sjukepleie
- Helsefag
- IKT-fag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Empati, og evne til å forstå brukaren sine utfordringar
- Problemløysande tilnærming til verda
- Målretta og resultatorientert
- Gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
- Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Påliteleg
Language
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar, med gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Inkluderande sosialt miljø
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Kontaktinformasjon
Thomas Yrvin, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Johannes Andre Hilland, Ass. Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Edvard griegs vei 3
5059 Bergen
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon99
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2020