<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Undervisningsstilling i Automasjon Sotra vidaregåande skule - Avd. YF Bildøy

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon8 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon91 Presentasjon av stillingen:
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume. Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolt av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Arbeidsoppgåver

Undervisning innan fagområdet elektro med hovud vekt på automasjon . Praktisk og teoretisk undervisning innan generell automasjon i bygg og industri, reguleringsteknikk, signalbehandling, robot, hydraulikk, pneumatikk. Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter. Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Halde seg informert om utvikling i bransjen. Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

Fagbrev og arbeidserfaring som automatikar.
Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning. Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav. Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg. Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at dette.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling. Du er fleksibel og ser moglegheiter. Du kan kombinere praktisk og teoretisk undervisning Du kan bruke digitale hjelpemiddel i undervisninga. Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt. Du har gode ferdigheter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever og andre samarbeidsparter.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø. Gode moglegheit til eigen læring og utvikling. Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass. Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Undervisninga skjer på elevanes målføre. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Kontaktinformasjon

Line Therese Gaska, avdelingsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Torstein Telle, rektor , Logg inn for å se kontaktinformasjon Erik Henneli, ass. rektor , Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Branndalsmyra 61
5353 Straume

Søk på stillinga:

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune

Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon91 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.05.2021





Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Les mer om Sotra vidaregåande skule - Avd. YF Bildøy

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Spesialpedagog
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Nor Tekstil er landets ledende leverandør av tekstiltjenester med 26 industrivaskerier lokalisert fra nord til sør, med til sammen ca.
22.05.2025 Kinn
Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
23.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
23.05.2025 Ålesund
Nortura Egersund søker industrimekaniker / mekaniker/ automatiker. Stillingen som Industrimekaniker/Automatiker hører til teknisk avdeling for drift og vedlikehold på fabrikken.
25.05.2025 Eigersund
  Rådgivende ingeniør, prosjektleder eller byggeleder? - Kongsberg Vestfold - Region Sør-Øst - Larvik, Tønsberg Østfold og Follo – Region
01.05.2026 Hele Norge
Om oss Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker oss kollegaer med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring
16.05.2025 Oslo
Har du lyst på en deltidsjobb i en trivelig butikk med mange faste kunder? EXTRA Vestby senter ser nå etter en ny
15.05.2025 Vestby
Er du klar for å bidra til bærekraftige løsninger i et inkluderende og innovativt team? #TeamGK
01.06.2025 Haugesund
Vis alle 29.808 ledige stillinger

Fakta om Sotra vidaregåande skule - Avd. YF Bildøy